Great Dividing Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Great Dividing Range.

Great Dividing Range, også kalla Eastern Highlands, er den største fjellkjeden i Australia. Han er over 3 500 kilometer lang og strekker seg frå nordspissen av Queensland, langs austkysten av Australia gjennom New South Wales og inn i Victoria, der han tek av til venstre og til slutt forsvinn på den store indre sletta nær fjella Grampians. Det høgaste fjellet i landet, Mount Kosciuszko, ligg i Great Dividing Range.

Great Dividing Range har mykje å seia for klimaet i Australia. Fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre området av Australia.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.