Australia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Commonwealth of Australia

(norsk: Australia, australsk)

Det australske flagget Det australske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Advance Australia Fair»
Motto Ikkje noko, men tidlegare «Advance Australia» ('Australia gå framover')
Geografisk plassering av Australia
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Canberra
Styresett
Monarki
Elisabeth II
Peter John Cosgrove
Julia Gillard
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
7 741 220 km² (6.)
1 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
22 015 576 (54.)
18 972 350
2,8 /km² (191.)
Frå Det britiske imperiet
Grunnlov
  Australialova
1. januar 1901
3. mars 1986
Nasjonaldag 26. januar
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
889 600 mill. USD (17.)
41 300 USD (11.)
Valuta Australsk dollar
Tidssone UTC +8 til + 11
Telefonkode +61
Toppnivådomene .au


Australia er det sjette største landet i verda i areal, og vert òg rekna som eit kontinent. Det bur litt meir enn 20 millionar innbyggjarar i Australia. Den største delen av desse bur i dei store byane som til dømes Sydney, Melbourne, Brisbane, Perth og Adelaide, trass i at landbruk er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til landet.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Australia» kjem av det latinske ordet australis, som tyder sørleg. Legender om eit ukjent sørleg land, Terra Australis, sirkulerte allereie under Romarriket, og var vanlege i geografien i mellomalderen, men dei var ikkje baserte på noko faktisk kunnskap om kontinentet. Det nederlandske adjektivet australische, i tydinga sørleg, vart fyrst brukt av nederlandske politikarar i Batavia som referanse til det nyoppdaga landet i sør, så tidleg som i 1638. Den fyrste engelske skribenten som brukte ordet «Australia» var Alexander Dalrymple i An Historical Collection of Voyages and Discoveries in the South Pacific Ocean, som vart utgjeve i 1771. Med omgrepet meinte han då heilde det sørlege Stillehavsområdet, og ikkje berre kontinentet som heiter Australia i dag. I 1793 gav George Shaw og James Edward Smith ut boka Zoology and Botany of New Holland, der dei skreiv om «den store øya, eller eigentleg kontinentet, Australia, Australasia eller Ny-Holland».

Namnet «Australia» vart popularisert i boka A Voyage to Terra Australis av Matthew Flinders (1814). Guvernør Lachlan Macquarie av New South Wales brukte sidan ordet i rapportane sine til England. I 1817 tilrådde han å gjere namnet offisielt, og i 1824 gjekk framlegget gjennom.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at dei fyrste innbyggjarane i Australia kom frå Indonesia for meir enn 50 000 år sidan og spreidde seg ut over heile kontinentet. Den fyrste europearen som at utforska litt av Australia var sannsynlegvis den spanske kapteinen Luis Vaez de Torres, som segla gjennom sundet, som ligg mellom Australia og Ny-Guinea. Dette heiter no Torressundet.

Kontinentet vart oppdaga av den nederlandske oppdagingsreisande Willem Janszoon i 1606, men eigentlege ekspedisjonar til kontinentet vart ikkje byrja før på 1700-talet. I 1770 gjekk den britiske kapteinen James Cook i land i nærleiken av det noverande Sydney og tok den austlege 2/3-delen av kontinentet i Storbritannia sitt eige. I 1788 byrja Australia si tid som straffekoloni, og dette heldt fram til 1868. Etter 1850 fann ei stor innvandring av britar stad.

Ein rekonstruksjon av James Cook sitt skip HMS Endeavour

På 1800-talet vart dei seks delane av Australia styrde som kronkoloniar. New South Wales var den fyrste kolonien i Australia som fekk ei viss grad av sjølvstyre, i 1823, og som i 1855 fekk si eiga grunnlov. I 1859 hadde alle koloniane/områda, bortsett frå Western Australia sjølvstyre. 1. januar 1901 vart det australske statsforbundet grunnlagt, og landet vart ein sjølvstyrande dominion i det britiske samveldet.

Australien deltok i både fyrste og andre verdskrigen og vart bomba av Japan i den siste av dei. Dette gjorde til at Australia endra utanrikspolitisk kurs og fylgde USA både i Koreakrigen og Vietnamkrigen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Australia

Dei 7 686 850 km² store landmassane til Australia ligg på den indo-australske plata, og er omgitt av det indiske havet, Sørishavet og Stillehavet. Det er separert frå Asia av Arafurahavet og Timorhavet, har ei kystline på 25 760 km, og gjer krav på ein økonomisk sone på 8 148 250 km², ikkje inkludert det australske antarktiske territoriet.

Verdas største korallrev, Great Barrier Reef, strekkjer seg 2 000 km langs den nordaustlege kysten. Verdas største monolitt, Mount Augustus, ligg i Vest-Australia. Det høgaste punktet er Mount Kosciuszko på 2 229 meter.

Australia er det tørraste folkesette kontinentet, det flataste, og det som har den eldste og minst fruktbare jorda. Berre det søraustlege hjørnet av kontinentet har eit temperert klima, og mesteparten av folkesetnaden bur langs den tempererte og subtropiske kysten i søraust. Den nordlege delen av landet har eit tropisk klima, og vegetasjon med regnskog, skog, slettelandskap, mangrovesumpar, og ørken. Klimaet er sterkt påverka av havstraumar, og spesielt El Niño-fenomenet som fører til periodisk tørke, og tropiske lågtrykkssystem som lagar syklonar i det nordlege Australia.

Statar og territorium[endre | endre wikiteksten]

Australia er ein forbundsstat som består av seks delstatar, to større og fleire mindre territorium:

Australske statar og terrotorium.
Namn Hovudstad Areal (km²) Folketal (2005)
New South Wales Sydney 809 444 6 817 000
Queensland Brisbane 1 852 642 4 000 000
South Australia Adelaide 1 043 514 1 540 000
Tasmania Hobart 90 758 484 700
Victoria Melbourne 237 629 5 038 000
Western Australia Perth 2 645 615 2 051 000
Northern Territory Darwin 1 420 968 201 800
Australian Capital Territory Canberra 2 358 325 100

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Klima i Australia.

Klimaet i Australia varierer frå nesten tropisk klima i nord til eit mykje meir temperert klima lengst sør. Dei fleste menneska bur på søraustkysten av landet, og her har Great Dividing Range mykje å sei for klimaet. Denne fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre område av Australia, kalla Outback. Det meste av Outback kan kallast ørken, men sjølv om dei vanlegvis får svært lite nedbør kan stundom tropiske lågtrykk passere over området og gje mykje nedbør. Dette fører ofte med seg flaum og stengde vegar. Alice Springs, som ligg midt i Outback, fekk 205 mm nedbør på ein einaste dag i mars 1988. Dette er nær same nedbørsmengda byen normal får på eit heilt år!

I skogen i Australia

Toppane av Dividing Range er dei kaldaste stadane i landet om ein ser bort i frå Tasmania, og vêret er nesten maritimt med regn eller snø om lag halvparten av dagane i året. Her er akkurat nok snø til at ein har eit par skistader. Sørover frå fjellområda mot Bass-sundet og Tasmania vert klimaet meir maritimt med kjøligare vêr og regn eller snø om lag annakvar dag. Nordkysten av Australia merkar den indiske monsunen kvart år, og her kan det kome store nedbørsmengder. Så godt som alt kjem derimot mellom desember og april. Vinteren frå mai til oktober er varm og fuktig, men det kjem svært lite nedbør.

Den normale nedbørsfordelinga gjennom året i Australia vert av og til snudd på hovudet av vêrfenomen som tropiske syklonar og El Niño-episodar. Syklonar kan av og til halde seg i nærleiken av landet i dagevis og gje enorme mengder regn på kort tid — av og til opp i 500 mm på ein dag. El Niño fører ofte til tørke i nord og i aust, medan La Niña kan føre til flaum. Skogbrannar herja landet under El Niño-episoden i 1982-83, medan område i New South Wales vart overfløymde av regnvatn under La Niña i 1999-2000. Den kraftige El Niño-episoden i 1997-98 hadde derimot liten påverknad på vêret i Australia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Australia