Gresvatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gresvatnet | |
|---|---|
| Stad | Hemnes (Nordland); Sverige |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 22,63 km² (18,67 km² i Noreg) |
| Kystlengd1 | 44,09 km |
| Høgd over havet | 595 m |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Gresvatnet (sørsamisk Graesiejaevrie, på svensk side Gräsvattnet) er ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige. Den norske delen ligg i Hemnes kommune i Nordland fylke, den svenske i Västerbottens län.
På kart finn vi òg skrivemåten «Grasvatnet», men skrivemåten med -e- vart vedteken av Statens kartverk i 2005. Forstavinga deler vatnet med fjellet Gresfjellet som ligg nord for vatnet. Sør for vatnet ligg Okstindan. Frå Grevatnet renn Gresvasselva til Austre Kjennsvatnet.
Gresvatnet er regulert, slik at høgda varierer mellom 598 og 582 m.o.h.