Grimselpasset
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grimselpasset er ein fjellovergang i Alpane i Sveits. Passhøgda, 2 108 meter over havet, ligg på vasskiljet mellom Nordsjøen og Mellomhavet. Vegen vert ofte nytta av motorsyklistar og andre syklistar, då ein har snøgg tilkomst mellom Berner Oberland og kantonen Valais. På sørsida har ein utsikt mot Goms, det litt høgareliggjande Furkapasset og mot Wallis-Alpane.
Vegen er vinterstengd oktober-mai.
Soge [endre]
Ein kjenner til at Grimselpasset har vore nytta som kløvveg frå 1300-talet. Den historiske kløvvegen vart på 1800-talet utbygt til ein høgfjellsveg, ein veg som var open i sommarstida. Køyrevegen over fjellet stod ferdig i 1894. Grunna utbyggjing av vasskraft i området, vart vegen mykje utbetra i tida 1920-50.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Grimselpass» frå Wikipedia på tysk, den 12. februar 2012.