Gross Spannort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°47′11.8″N 08°31′29.5″E
Gross Spannort
fjell
none  Gross og Chli Spannort
Gross og Chli Spannort
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Uri
Fjellkjede Urner-Alpane
høgd 3 198 moh
koordinatar 46°47′11.8″N 08°31′29.5″E
Førstestiging av -
 - dato 1867
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Gross Spannort er ein 3 198 m høg fjelltopp i Uri-Alpane i Sveits.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Toppen av Gross Spannort ligg på fjellrekka som dannar vasskilje mellom dalen der Engelberger Aa renn og dalen som elva Reuss renn gjennom.

Heilt i nærleiken, mindre enn ein kilometer unna i sørsørvestleg retning, er den 3 140 m høge Chli Spannort. Knapt to kilometer mot nord ligg den 3 133 m høge hovudtoppen på Schlossberg.

Frå Herrenrütialp ved Engelberg går toppturen fyrst langs ei mykje nytta vandrerute. Denne går langs med Engelberger Aa til Stäfeli, som sommarstid tek imot fjellturistar. Vegen vidare er ei alperute som ein ikkje må leggje ut på utan fjellførar eller lang erfaring frå fjellklatring. Ruta går til Spannorthütte, som ligg i Schlossberglücke mellom Schlossberg og Gross Spannort, derifrå vidare til fjelltoppen.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Det markante, taggete fjellet består av kalkstein og brunleg Jura på eit underlag av gneis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gross Spannort vart klatra fyrste gongen i 1867. Britane John Sowerby, Waldemar Mansell, F. E. Thompson og Robert Spankie hadde fylgje med dei lokale fjellførarane Josef Maria Tresch-Exer og Ambros Zgraggen. Gruppe klatra til topps frå sørsida.

I august 1928 klarte eit taulag beståande av Werner Weckert, Paul Bootz, Mathis Margadant og Fitz Bieri å klatre den vanskelege nordveggen av toppen.

Natta til 28. desember 1961 gjekk det eit stort steinras frå Chli Spannort. Meir enn ein million m³ stein styrta ned fjellsida mot dalbotnen. Lufttrykket åleine øydela mykje skog på motsett side av dalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]