Gneis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gneis
Gneiss.jpg
Gneis
Kjenneteikn
Gruppe metamorf
Hovudmineral kvarts, biotitt, granat, plagioklas
Identifikasjon
Bruksområde bygningsstein, veggplater, golvfliser, gatestein, gravminne m.m.

Gneis er ein metamorf bergart, det vil seia at han er omforma frå ein eller fleire andre bergartar etter å har vorte utsett for stort trykk og varme. Gneis inneheld difor dei same minerala som desse bergartane er danna av.

Gneis inneheld i hovudsak kvarts, biotitt, granat og plagioklas

Grunna trykk og varme har gneisen fått endra struktur. Han har vorte lagdelt og fått ein bølgja utsjånad. Lagdelinga og den bølgja utsjånaden kjem av at dei opphavlege bergartane i ulik grad har vorte blanda. Dei tekniske eigeskapane som spaltbarheit og trykkfastleik kan òg vera kraftig endra samanlikna med den opphavlege bergarten.

Gneis er den vanlegaste bergarten i Noreg. Det er mange kvalitetar og typar gneis. Dei har ulike namn, avhengig av innhaldet av opphavlege bergartar.

Gneisgranitt[endre | endre wikiteksten]

Granitt er ein vanleg bergart i Noreg, difor er mykje av gneisen omdanna frå granitt. Gneisgranitt er ein blandingsbergart, som har oppstått når omdanninga (metamorfosen) ikkje er fullstendig, men i grenseland mellom ein metamorf bergart og ein eruptiv bergart. Slike blandingsbergartar har ofte ein stripa utsjånad og kan vera sterkt lagdelte.

Fleire fargar[endre | endre wikiteksten]

Fargar oppstår etter kva for mineral bergartane er danna av.

Kjende norske førekomstar av gneis.[endre | endre wikiteksten]

Fleire stader er det steinbrot som tek ut gneis. Desse gneisane har som regel namn (handelsnamn) etter staden der brotet ligg.

Denne lista er mangelfull:

  • Solør, er ljos rosa-raud gneis med mørke små flekkar. Han har handelsnamnet Gneis Royal.
  • Askøy, er gråleg (svakt blågrå) med eit fint bølgjemønster i ljos rosa. Han er ikkje lagdelt. Han er nytta til mellom anna gravminne.
  • Fusa, er ein lagdelt, grå gneis. Han er lett å omarbeide til murstein. Blir nytta til kantstein og tørrmuring. Han er òg fin til bygningstein både ute og inne.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gneis