Guanahani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tresnitt som viser Columbus gå i land på Guanahani

Guanahani var det innfødde namnet på den første øya som Kristoffer Columbus kom til på første reisa si til det han meinte var India. Sjølv døypte Columbus øya San Salvador, etter at han nådde fram til øya den 12. oktober 1492. Guanahani er ei av mange øyar i Lucayan-øygruppa i Bahamas, men det er omstridd kva øy det eksakt dreier seg om. Problemet blir kanskje aldri løyst sidan Columbus si originale loggbok har vore tapt i mange hundreår , og einaste referanse til dette er eit redigert samandrag som Bartolomé de Las Casas skreiv.

'San Salvador' tyder «den heilage frelsaren».