Kristoffer Columbus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christopher Columbus. Måleri av Sebastiano del Piombo frå rundt 1520.

Kristoffer Columbus (145120. mai 1506) (latin: Christophorus Columbus, Italiensk: Cristoforo Colombo, Spansk: Cristóbal Colón) var ein opphavleg italiensk oppdagar og handelsmann, kjend for den europeiske «oppdaginga» av Amerika. I 1492 leidde Columbus ein flåte som kryssa Atlanterhavet frå Kanariøyane til Bahamas i Karibia. Han gjekk i land på ei av øyane den 12. oktober under kastiljansk flagg. Eigentleg gjorde han ein freistnad på å finne ein vestleg sjøveg frå Europa til Aust-Asia og India, av det kjem namnet «indianarar». Hendinga i 1492 sette ei skiljelinje i amerikansk historie. Ho markerer starten på europeisk kolonisering av Amerika, medan heile perioden før 1492 blir kalla førkolumbisk.

Columbus var ein kontroversiell person. Mange held Columbus direkte eller indirekte ansvarleg for at millionar av innfødde døydde, at europearane utnytta dei innfødde amerikanarane, og slaveriet i Karibia og for utsletting av mykje av den amerikanske kulturen. Andre gjev han æra for mykje av utbreiinga av europeisk kultur mot vest og vidareutvikling av kulturen. Sjølv om det finst prov på førkolumbisk oversjøisk kontakt, og trass i at det kan stillast spørsmål til om ein kan «oppdage» ein stad som alt har ein folkesetnad, så vert Columbus ofte gjeven æra for å ha «oppdaga» den amerikanske verdsdelen, eller «den nye verda» som han òg vert kalla.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Columbus trudde at jorda var ein relativt liten kulelekam, og argumenterte for at eit skip kunne nå til India ved å segle på ein vestleg kurs. Ei utbreidd misoppfatning om at motstanden som Columbus kjempa mot, var basert på at det på den tida herska ei allmenn overtyding om at jorda var flat. Det var ein myte som vart skapt av m.a. forfattaren Washington Irving. Tvert imot var det semje blant utdanna folk på Columbus si tid om at jorda faktisk var rund, alle med røynsle frå sjøreiser kjente absolutt til dette fordi det formar basisen i astronavigasjon. Hovudretninga i denne debatten gjekk på om eit skip kunne segle rundt jorda utan å supplere forsyningar og utan å verte innelåst i stormfulle regionar slik som Sargassohavet.

Columbus var ikkje den første europearen som nådde den amerikanske verdsdelen. Leiv Eiriksson reiste frå Grønland til Nord-Amerika i år 1000, og etablerte ein kortvarig koloni på L'Anse aux Meadows. Det finst òg mange teoriar om ymse andre transatlantiske reiser før Columbus, ein av dei mest overtydande teoriane er utforskinga av Newfoundland leia av João Vaz Corte-Real før 1472. Giovanni Caboto vart den første europearen etter grønlendingane som ein veit nådde det nordamerikanske fastlandet, det skjedde i 1497. Men det er éin ting som skil Columbus si første reise frå andre: mindre enn to tiår etter Columbus si første reise var eksistensen av Amerika allment kjent over heile Europa. Mest sannsynleg er oppfinninga av boktrykkinga vilkåret som gjorde det mogleg. Og vidare, sjølv om Columbus etter vestleg klassisk skole har vore kreditert for «oppdaginga av Amerika», så fekk dei to kontinenta namn etter Amerigo Vespucci. Vespucci nådde kysten av dagens Brasil i 1501 og fekk namnet sitt sette på kartet av kartografen Martin Waldseemüller.

I kontrast til grønlendingane sine reiser, fekk Columbus si reise konsekvensar i form av raske utvekslingar av nyttevekstar som t.d. tomater, dyr som t.d. hestar samt virus, bakteriar og parasittar. Reisa åt Columbus markerte òg starten på den europeiske koloniseringa av Amerika i storskala.

Columbus har vore og er framleis ein kontroversiell figur. Somme – blant dei mange menneske av urfolket i Amerika – ser på han som personen som er direkte eller indirekte ansvarleg for at titals, kan hende hundretals millionar indianarar døyde, for den europeiske utforskinga av Amerika, og for slaveri i Vest-India. Men det er andre som gjev Columbus honnør for den massive styrkinga av vestleg ekspensjon og kultur som Columbus sine utforskingane førte med seg. Italienskætta amerikanarar helser Columbus som eit ikon for arva si. I Sambandsstatane er den andre måndagen i oktober kalla Columbus Day, årsdag for Columbus si landing på Bahamas. Dagen vert feira som fridag.

Columbus gjorde krav på leiarskap i dei nye territoria etter avtale med dei spanske monarkane. Medan han fekk ry som ein utmerka navigatør, vart han i samtida rekna som ein svak administrator, og han vart fjerna som guvernør i år 1500.

Portugal og Spania 1450–1500[endre | endre wikiteksten]

For å forstå bakgrunnen for at Isabella I av Castilla enda opp med å stø prosjektet åt Columbus og tidspunktet for hendinga, må ein sjå på den politiske situasjonen for Spania og Portugal. Rundt 1475 fanst det fire kongedøme på Den iberiske halvøya: Portugal, Granada, Castilla og Aragon, dei to sistnemnde gjekk inn i ein personalunion frå 1479. Det som var igjen av Granada var styrt av restane av maurarane fram til 2. januar 1492, då muslimske styrkar gav opp Granada etter eit siste felttog som hadde gått føre seg i om lag 16 år og hadde utarma den spanske krona. Den spanske inkvisisjonen virka i Castilla og Aragon frå 1487. Konstantinopel vart hærtatt av tyrkarane i 1453. Dermed var handelsvegen over land mot aust stengt. Kapp Verde vart oppdaga for Portugal i 1444, medan Kanariøyane var kastiljanske etter ein strid med Portugal mellom 1448 og 1459. Portugal hevda einerett på handelsfart på Vest-Afrika for å hente slavar og gull, og i 1488 var Kapp det gode håp runda for første gong av Bartolomeu Dias.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjent om Columbus sitt liv før 1476. Dei fleste historiene er samde i at han vart fødd i september 1451, i Genova i Italia. På den tida var Genova ein svært rik og travel hamneby, kjent for sine dyktige kartteiknarar. Faren var Domenico Colombo, ein ullhandelsmann, og mora var Suzanna Fontanarossa, som òg var dotter av ein ullhandlar. Christofer Columbus hadde 3 yngre brør, Bartolomeo, Giovanni Pellegrino og Giacomo, samt ei yngre søster, Bianchinetta.

I 1470 flytta familien til Savano, kor Christofer arbeidde for far sin som ullvevar. Han studerte også kartografi, saman med Bartolomeo. Christofer hadde lite formell utdanning, men var ein lesehest, og var i stor grad sjølvlært.

I 1474 blei han med et skip frå Genova, og heldt seg eitt år på skipet, som skulle til Khíos i Egearhavet. Her budde han også i eitt år. Truleg henta han somme av sjøfolka sine herfrå. I 1476 segla han til Atlanterhavet for første gong. Flåten vart åtaka av franskmenn ved kapp St. Vincent, skipet til Columbus vart brent, og han måtte symje i land.

Etter dette flytta han til Lisboa i Portugal. Portugal var sentralt i europeisk sjøfart, og herfrå seglde skip til både England, Irland, Island, Madeira, Asorane og Afrika. Broren Bartolomeo arbeidde som kartmakar i Lisboa.

Han vart ein seglande handelsmann i den portugisiske flåten, og seglde til Island via Irland i 1477, til Madeira i 1478 for å kjøpe sukker, og han segla langs kysten av Vest-Afrika frå 1482 til 1485.

Columbus gifta seg i 1479 med Felipa Perestello e Moniz, som kom frå ein nobel portugisisk familie. Saman fekk dei sonen Diego i [1480. Felipa døydde i 1485, deretter møtte han Beatriz Enriquez, dei fekk sonen Ferdinand i 1488. Dei blei aldri gifte.

Første reisa[endre | endre wikiteksten]

«Santa Maria». (Foto: Dietrich Bartel)

Columbus presenterte ein plan om å reise til India vestover via Atlanterhavet for ein portugisisk rett i 1485. Ekspertane åt kongen trudde at reiseruta ville vere lenger enn det Columbus rekna med (den faktiske avstanden var enda lengre enn det portugisarane trudde), og nekta å støtte planen hans. Dermed forsøkte han heller å få støtte i Spania, frå dei to monarkane Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla. Dei var gifte, og dei styrte desse to kongedøma saman.

Etter år med lobbyverksemd fekk han endeleg støtte i 1492. Ferdinand og Isabella hadde akkurat erobra Granada, og tok imot Columbus på slottet sitt i Cordoba. Columbus fremja fem krav i forhandlingane: han kravde admiraltittel, han skulle verte visekonge og guvernør av nye landområde, han kravde ein tidel av alt gull og alle skattar og han kravde ein åttandedel av fortenesta frå all handel med dei nye områda. Ferdinand og Isabella braut då av forhandlingane straks, men skifta meining og fekk i gang samtalane att etter at Columbus først forlét slottet. Dei blei samde om å sende ein ekspedisjon vestover. Halvparten av investeringa skulle komme frå private investorar, som Columbus allereie hadde skaffa. Han fekk gjennomslag for alle krava sine og kunne kalle seg admiral av Castilla.

Same år (1492), den 3. august, drog Columbus frå Palos med tre skip: «Santa Maria», «Niña» og «Pinta». Første stoppestad var Kanariøyane, der han oppheldt seg ein månad. Deretter starta han seglinga over Atlanterhavet som skulle ta fem veker. Han juksa med loggboka, slik at mannskapet skulle tru at dei hadde reist kortare enn dei faktisk hadde. Det er usemje om kva øy han faktisk nådde først, men han nådde i alle fall ei av øyane i Bahamas den 12. oktober 1492.

Dei innfødde tainoindianarane var fredsame og venlege. I loggen for 14. august 1492 kladda Columbus et brev til Ferdinand og Isabella om tainofolket;

Vuestras Altezas cuando mandaren puedenlos todos llevar a Castilla o tenellos en la misma isla captivos, porque con cincuenta hombres los ternan todos sojuzgados, les haran hazar todo lo que quisieren.
«Når Dykkar Høgvørde byr, kan alle bringast over til Castilla, eller haldast i fangenskap på deira eige øy, for med 50 mann kan ein halde dei i undergjeving og få dei til å gjere akkurat det vi vil.»

På denne første reisa utforska Columbus også nordaustkysten av Cuba, der han gjekk i land den 28. oktober, etter det òg nordkysten av Hispaniola. Her gjekk «Santa Maria» på grunn og måtte forlatast. Ein av dei lokale leiarane, Guacanagari, tok då imot han. Columbus grunnla La Navidad, og sette igjen 39 mann der.

4. januar 1493 sette han segl heimover, og etter ei stormfull reise måtte han legge i land i Portugal. Forholdet mellom Portugal og Castilla var skralt på denne tida, og han blei fanga, men seinare lauslaten. Han kom til Spania den 15. mars, og viste fram både gullet han hadde funne og fleire innfødde som han hadde tatt med over. Han skildra også tobakk, ananas og hengjekøyer, som var nytt for europearane.

I Spania vart han motteken med vørdnad, og rykta om nytt land spreidde seg over heile Europa.

Andre reisa[endre | endre wikiteksten]

Han drog ut på andre reisa (1493–1496) den 24. september 1493, med 17 skip, forsyningar og 1200 mann for å utforske og kolonisere regionen.

Denne gongen var Dominica det første landet han såg, noko lengre sør enn der han kom på første reisa. Denne øya var ulendt, så han drog lenger nord, der han fann og gav namn til Guadeloupe, Montserrat, Antigua og Nevis. Desse gjorde han krav på som spansk eigedom, på same måte som Jomfruøyane og Puerto Rico. Deretter drog han til Hispaniola, der han oppdaga at kolonistane hadde kome i strid med indianarane og blitt drepne. Han etablerte ein ny busetnad ved Isabella, på nordsida av Hispaniola, første staden dei hadde funne gull. Kystlinja ved busetnaden hadde lite tenlege hamneforhold og ho varte ikkje lenge. Han utforska dei indre delane av øya, og fann litt gull, etterpå etablerte han eit festningsverk der. Vidare utforska han sørkysten av Cuba, men nådde ikkje rundt til vestsida, derfor var han sikker på at dette var ei halvøy, ikkje ei øy. Han oppdaga også Jamaica.

Før han drog ut på den andre reisa, hadde han fått melding frå Ferdinand og Isabella om å halde oppe eit vennleg forhold til dei innfødde. Men på turen sendte Columbus eit brev tilbake der han gav framlegg om å gjere nokre av dei innfødde til slavar, særleg karibane, fordi dei var så aggressive. Krona viste framlegget attende, i februar 1495 tok likevel Columbus 1600 indianarar som slavar. 550 av desse blei sendt til Spania, og av dei døydde 200 på reisa. Etter ei rettssak blei dei som overlevde turen sette fri og sendt tilbake. Columbus slapp fri 400 av slavane sine, fordi han ikkje hadde nytte av dei. Denne striden med slavane var den første store kampen mellom spanjolar og innfødde i «den nye verda».

Hovudføremålet med denne turen åt Columbus var å finne gull. For å oppnå dette, påla han dei innfødde i Cicao og Haiti eit system der alle over 14 år måtte finne ei viss mengde gull. Som prov på oppfylt kvote fekk dei eit merke rundt halsen. Dei som ikkje oppfylte kvoten sin fekk hendene sine hogd av. Trass i desse ekstreme verkemidla fann Columbus lite gull. Hovudårsaka til dette, var at dei innfødde var sårbare for europeiske sjukdomar.

I breva sine til den spanske kongen og dronninga foreslo Columbus fleire gongar slavar som ein utsikt for å tene pengar på oppdagingane, men framlegga blei alltid vist attende. Kongen og dronninga såg heller på dei innfødde som framtidige kristne.

Columbus førte også tilsyn med skipinga av encomienda; ein formyndarskap kor spanjolane fekk samtykke i eineretten på bruk av arbeidskraft i «den nye verda», i bytte mot at spanjolane kristna dei innfødde og gav dei tryggleik. Denne politikken aukte slaveriet monaleg. I nokre tilfelle arbeidde indianarane seg ihel, i andre tilfelle døydde dei av dei nye sjukdomane som spanjolane tok med seg, eller av feilernæring. Overslag på innbyggjartal før Columbus kom dit varierer mykje. Thomas Cook rekna talet på tainoar i Hispanola i 1493 til å vere 8 000 000, dette er truleg det høgste overslaget. Bartolome de Las Casas gjorde i 1496 ei folketeljing etter at encomienda hadde tatt til, og hans overslag var 3 000 000 tainoar. Ei spansk folketeljing i 1514 viste berre 22 000 tainoar, og i 1542 blei det talt berre 200. Columbus innsette brørne sine som kommandørar i busetjingane, og reiste frå Hispaniola til Europa den 10. mars 1496. Brørne hans og andre conquistadorar innførte encomienda med tilsvarande resultat også andre stader i Amerika.

Tredje reisa og arrestasjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1498 reiste Columbus til «den nye verda» for tredje gong, saman med den unge Bartolome de Las Casas, som seinare gav verda delvise avskrifter av Columbus sine loggar. På denne reisa oppdaga dei øya Trinidad den 31. juli, og fastland i Sør-Amerika, ved elva Orinoco, før dei drog tilbake til Hispaniola. Først skildra han dei nye landområda som om dei høyrte til eit tidlegare ukjent kontinent, seinare refererte han til områda som ein del av Asia. Mange spanske nybyggjarar var utilfredse fordi dei ikkje såg noko til rikdommane Columbus hadde fortalt om. Columbus måtte stadig kjempe mot opprør både frå nybyggjarane og dei innfødde. Nokre av mannskapet blei til og med hengde for å ikkje lyde.

Mange nybyggjarar og munkar reiste heim og dreiv lobbyverksemd mot Columbus i den spanske retten, der dei skulda han for vanstyre. Kongen og dronninga sendte i år 1500 den kongelege administratoren Francisco de Bobadilla over til det nye landet, for å arrestere Columbus og sende han heim. Columbus nekta å ta av seg handjarna om bord i skipet på veg til Spania, og på reisa over, skreiv han eit langt brev til dei spanske monarkane, der han trygla om frifinning.

Sjølv om han vart sett fri, fekk han aldri attende prestisjen og respekta han tidlegare hadde, og han mista òg retten til å styre i «den nye verda». Som ei ytterlegare audmjuking, portugisarane hadde vunne kappløpet om å segle til India; Vasco da Gama kom tilbake i september 1499 etter å ha segla til India ved å reise rundt kysten av Afrika.

Siste reisa og seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Til trass for handsaminga av Columbus, gjorde han ei fjerde reise, frå 1502 til 1504. Han forlét, Spania 9. mai 1502. På denne reisa hadde han selskap av yngste son sin Ferdinand, og utforska kysten av Sentral-Amerika, frå Belize til Panama. I 1502 møtte dei eit fullasta handelsskip utanfor kysten av Honduras, som var langt som ein galei. Dette var det første registrerte møtet mellom spanjolar og innfødde frå Mesoamerika. Seinare stranda han i Jamaica og måtte vere der i eit år. Han sendte to mann med kano for å hente hjelp, og i mellomtida imponerte han dei lokale folka med bl.a. å føreseie ei måneformørking korrekt. Då hjelpa endeleg kom, drog han tilbake til Spania i 1504.

Columbus nytta heile tida omvending av ikkje-kristne som eit argument for utforskingane av «den nye verda». I dei seinare åra av livet sitt blei han stadig meir religiøs, og hevda bl.a. at han høyrte guddommelege røyster. Han arbeidde også for eit nytt krosstog for å overta Jerusalem, hadde ofte på seg fransiskanarklede, og hevda at oppdaginga av «paradis» var ein del av Guds plan, og snart ville resultere i Dommedag og verdas ende.

I dei seinare åra av Columbus sitt liv, kravde han at den spanske krona gav han 10 % av all forteneste frå dei nye områda, i tråd med tidlegare semjer. Men sidan han var løyst frå pliktene sine som guvernør, følte ikkje den spanske krona seg bunden av desse kontraktane, og krava hans blei avviste. Familien hans saksøkte seinare krona for ein part av profitten frå Amerika, men tapte saka til slutt – 50 år seinare.

20. mai 1506 døydde Columbus i Spania, framleis overtydd om at oppdagingane hans var austkysten av Asia. Sjølv etter at han var død, reiste han. Han blei først gravlagt i Valladolid, deretter i Sevilla. Seinare, i 1542 vart han flytta til Santo Domingo i Den dominikanske republikken, etter testamentet til sonen Diego. I 1576 tok franskmennene over, og liket vart frakta til Havanna i Cuba. Etter krigen i 1898 blei Cuba uavhengig, og restar av Columbus sin lekam blei igjen flytta tilbake til Spania. Men somme hevdar framleis at han er gravlagt i katedralen i Santo Domingo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]