Gutenbergbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gutenbergbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 81°58′S 158°32′E / 81.967°S 158.533°E / -81.967; 158.533
Lengd 15 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Gutenbergbreen
81°58′00″S 158°31′59″E / 81.9667°S 158.533°E / -81.9667; 158.533
Gutenbergbreen is located in Antarktis
Gutenbergbreen (Antarktis)

Gutenbergbreen er ein isbre som er 15 km lang og ligg nord i Holyoake Range i Churchill Mountains i Antarktis. Han flyt nordvest mellom Mount Hubble og Mount Richter og ut i Starshotbreen. Isbreen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter seismologen Beno Gutenberg, direktør ved California Institute of Technology sitt seismologiske laboratorium i 1930-åra, som samarbeidde med Charles F. Richter i utviklinga av Richterskalaen i 1935. Skalaen vert nytta til å måle styrken på jordskjelv.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gutenberg Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gutenbergbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).