Hällefors
Hällefors er ein tettstad og kommunesenter i Hällefors kommun, Örebro län. Hällefors er ein liten stad med grøn natur og dyreliv. I Hällefors sentrum kan ein finne alt frå apotek til bibliotek, frisersalongar, bank, politi og systembolag under eit og same tak. Dette bygget heiter Centrumhuset. Der ligg òg turistbyrå i same lokale som biblioteket. I Hällefors finnast òg museet Formens hus.
Innhaldsliste |
Utdanning [endre]
Pihlskolan Gymnasium ligg i sentrale Hällefors. Dei har spesialinnretingar som m.a. Industriprogrammet (Gymnasietekniker), Naturbruk med sportfisketurisme og Hotell og restaurant. Dei tre programma har riksinntak. Det finnast òg Barn och Fritids-programmet og Kultur-programmet.
Kulturskolan lærer bort teater, dans, bild, fotografi og musikk.
Industri [endre]
Hellefors Bryggeri, sidan april 2008 eigd av Spendrups bryggeri, ligg mellom Hällefors og Grythyttan. Stålkonkernet Ovako har anlegg i Hällefors likesom Stora Enso som har ein stor terminal for omlasting av trevirke frå lastebil til tog. Like nord for staden ligg badeplassen Sången.
Øvrig [endre]
Hällefors har òg ein folkehøgskule som gjev kurs i mellom anna formgjeving, smykkekunst, teater, scenografi og kultur.
Hällefors har gjeve namn til hunderasen Hälleforshund.
Utanfor Hällefors ligg den eldste folkeparken i Sverige, Krokbornsparken, idag eit byggminne.