Høgskolen i Narvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgskolen i Narvik
Grunnlagt 1994
Type Statleg høgskole
Rektor Arne Erik Holdø
Stad Narvik
Studentar 1 200
Tilsette 140
Nettstad www.hin.no

Høgskolen i Narvik (HiN) vart etablert 1. august 1994 og har i dag omkring 1200 studentar og 140 tilsette. Høgskolen er ein av 22 statlege høgskolar i Noreg og er eit resultat av at tre statlege høgskolar i Narvik vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Dei tre høgskolene som vart fusjonert var Narvik ingeniørhøgskole, Sivilingeniørutdanningen i Narvik og Nordland sykepleierhøgskole si avdeling i Narvik.

I tillegg har Høgskolen i Narvik ein filial i Alta i Finnmark som tilbyr forkurs og 1 års ingeniørfag.

Høgskolen tilbyr fag- og profesjonsstudiar innan sjukepleier-, ingeniør-, sivilingeniør- og yrkesfaglærer-fag. Desse kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen sine fire institutt er:

  • Institutt for data-, elektro- og romteknologi
  • Institutt for bygnings-, drifts- og konstruksjonsteknologi
  • Institutt for anvendte vitenskaper
  • Instiutt for helse og sykepleievitenskap

Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studiar. Det er mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kan halde fram med utdanninga i utlandet etter enda studiar.

Sjå òg [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]