Høns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein hane og to høner.

Høns eller tamhøns (Gallus gallus domesticus) er ein tamfugl i fasanfamilien. Høns blei domestisert frå den asiatiske jungelhøna for minst 5000 år sidan. Dei blir hovudsakleg haldne for egg og kjøt, men kan også vera til nytte, pryd og underhaldning. Høns finst i mange fargar og storleikar, og kan vera dekte av fjør eller dun. Dei lever i flokkar og er altetarar. Me skil mellom hohøns, høne, og hannhøns, hane. Unghøns er kjende som kyllingar. Kapun er ein kastrert unghane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne spor etter hønsebein frå rundt 6000-4000 f.Kr. i Yangshao og Peiligan i Kina, og frå rundt 3000-2000 f.Kr. i Harappa og Mohenjo-Daro i noverande Pakistan. Høns spreidde seg seinare til store delar av verda. Dei blei truleg haldne i Noreg før vikingtida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Høns
Spire Denne biologiartikkelen som har med landbruk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.