Hafez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrert side frå Hafez sin Divan. Persisk miniatyr frå 1585.

Shams od-Din Mohammad (ca. 13151390), kjend som Hafez, er ein vidkjend persisk diktar. Han er rekna som ein nasjonaldiktar i Iran, og har ein framtredande plass i heile det persiske kulturområdet. Hafez skreiv rundt 500 korte lyriske dikt, ghazalar, som er blitt brukt i musikk, kalligrafi og folketradisjonar. Gravstaden hans blir vitja den dag i dag.

Hafez har tilnamnet Shirazi, ettersom han var fødd i Shiraz i noverande Iran. Han skreiv ei rekkje lovprisingar av heimbyen. Tilnamnet Hafez (ar. hâfiz) tyder 'korankjennar', og han skal ha kunna Koranen utanboks frå ung alder av, men ein har lite konkret kunnskap om livet hans.

Dei fortetta dikta hans tek for seg mystiske og moralske emne gjennom dyrking av vin og venleik, og kan både lesast som djupt gudelege og særs sanselege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hafez

Engelske omsetjingar

Skandinaviske omsetjingar