Hainesbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hainesbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 73°21′S 62°33′W / 73.350°S 62.550°W / -73.350; -62.550
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Hainesbreen
73°21′S 62°33′W / 73.35°S 62.55°W / -73.35; -62.55
Hainesbreen is located in Antarktis
Hainesbreen (Antarktis)

Hainesbreen er ein isbre som er 7,5 km brei, og som flyt søraustover og inn i Meinardusbreen like aust for Mount Barkow, på austkysten av Palmer Land i Antarktis. Han vart oppdaga og fotografert frå lufta i desember 1940 av U.S. Antarctic Service. I løpet av 1947 vart breen fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla han frå bakken. Isbreen vart namngjeven frå FIDS etter William C. Haines, ein amerikansk meteorolog som deltok på Byrd-ekspedisjonane i 1928–30 og 1933–35, og som var med på å skrive dei meteorologiske rappoartane etter desse to ekspedisjonane.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Haines Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 23. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hainesbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).