Palmer Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Den antarktiske halvøya med Palmer Land like nedanfor Graham Land.
Den antarktiske halvøya med Palmer Land på venstresida av dette kartet.

Palmer Land (71°30′S 065°00′W) er den delen av Den antarktiske halvøya som ligg sør for linja mellom Cape Jeremy og Cape Agassiz. Denne definisjonen av Palmer Land vart avtalt i 1964 mellom US-ACAN og UK-APC, der namnet på Den antarktiske halvøya samstundes vart godkjend. Graham Land er den nordelege delen av halvøya og Palmer Land den sørlege.

Heilt i sør strekkjer Den antarktiske halvøya seg vestover og Palmer Land grensar til Ellsworth Land langs 80° W. I sør grensar Palmer land til den isdekte Carlson Inlet, ein arm av Filchner isbrem, som kryssar 80° W-linja. Dette er basen til Cetus Hill

Landområdet er kalla opp etter kaptein Nathaniel B. Palmer, ein amerikansk selfagar som utforska Den antarktiske halvøya sør for Deception Island i «Hero» i november 1820.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Howgego, Raymond (2004). Encyclopedia of Exploration (Part 2: 1800 to 1850). Potts Point, NSW, Australia: Hordern House.