Haitisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haitisk kreol
(kreyòl ayisyen)
Klassifisering: Kreolspråk
 Franskbasert
  Haitisk
Bruk
Tala i: Flag of Haiti.svg Haiti
Flag of the Dominican Republic.svg Den dominikanske republikken
Flag of France.svg Guadeloupe
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Haiti.svg Haiti
Språkkodar
ISO 639-1: ht
ISO 639-2: hat
ISO 639-3: hat
Wikipedia på haitisk kreol

Haitisk kreol er det offisielle språket i Haiti. Det blir snakka i Haiti, i kringliggande område i Karibia og i haitiske utvandrarmiljø, som i USA. Haitisk er eit kreolspråk danna med utgangspunkt i fransk frå 1700-talet, afrikanske språk som wolof, fon og ewe, spansk, taino og i nyare tid også engelsk. Det er det mest tala kreolspråket i verda.

Haitisk kreol har vore offisielt språk på Haiti, saman med fransk, sidan 1961, mykje takka vera Félix Morisseau-Leroy, som også var ein av dei første tidlegare forfattarane som skreiv på kreol. Tidlegare hadde fransk vore det einaste skriftspråket i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen som har med Haiti å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.