Ewe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ewe
(Ɛʋɛgbɛ)
Klassifisering: Niger-kongospråk
 Atlantisk-kongo
  Volta-kongo
   Kwa
    Gbe
Bruk
Tala i: Ghana, Togo
Område: Dei søraustlege delane av Ghana, sørlege Togo
Ewetalande i alt: 2.5 millionar + 0,5 mill. som andrespråk
Skriftsystem: latinsk alfabet
Språkkodar
ISO 639-1: ee
ISO 639-2: ewe
ISO 639-3: ewe

Ewe er eit kwaspråk som blir snakka i Ghana og Togo av omtrent tre million menneske [1]. Ewe er ein del av eit sprachbund av språk som også er i slekt, gbespråka, dei blir snakka i eit område frå aust i Ghana til vest i Nigeria. Andre gbespråk er mellom anna fon og aja. Ewe er, som andre gbespråk, eit tonespråk.

Ewe er eit av dei best dokumenterte språka i Afrika, delvis på grunn av arbeidet til Diedrich Hermann Westermann, som publiserte mange ordbøker og grammatikkar over Ewe og fleire andre Gbespråk. Andre lingvistar som har arbeidd med Ewe er m.a. Gilbert Ansre (tone, syntaks), Hounkpati B. Capo (fonologi, fonetikk), Herbert Stahlke (morfologi, tone), Roberto Pazzi (antropologi, leksikografi), Felix K. Ameka (semantikk, kognitiv lingvistikk) og Alan Stewart Duthie (semantik, fonetikk).

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Bilabial Labiodental Alveolar Retrofleks Palatal Velar Labiovelar Glottal
Plosiv p b t d ɖ k ɡ k͡p ɡ͡b
Affrikat ʦ ʣ
Nasal m n ɲ ŋ
Frikativ ɸ β f v s z x ɣ h
Approksimant l j w

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Fremre Bakre
Lukka i, ĩ u, ũ
Lukka midtre e o
Open midtre ɛ, ɛ̃ ɔ, ɔ̃
Open a, ã

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Opprhavleg utbreiing for ewe og ein del andre språk i Vest-Afrika

Ewe blir skrive med det latinske alfabetet, med en del ekstrabokstavar, nokre av dei er henta frå det internasjonale fonetiske alfabetet. Skriftspråket vart innført rundt 1900 av dei tyske kolonimaktene.

A a B b D d Ɖ ɖ Dz dz E e Ɛ ɛ F f Ƒ ƒ G g Gb gb Ɣ ɣ
/a/ /b/ /d/ /ɖ/ /ʣ/ /e/ /ɛ/ /f/ /ɸ/ /ɡ/ /ɡ͡b/ /ɣ/
H h I i K k Kp kp L l M m N n Ny ny Ŋ ŋ O o Ɔ ɔ P p
/h/ /i/ /k/ /k͡p/ /l/ /m/ /n/ /ɲ/ /ŋ/ /o/ /ɔ/ /p/
R r S s T t Ts ts U u V v Ʋ ʋ W w X x Y y Z z
/l/ /s/ /t/ /ʦ/ /u/ /v/ /β/ /w/ /x/ /j/ /z/

Ein tilde (˜) over vokalar markerer nasalisering. Tone er vanlegvis umarkert, bortsett frå i visse vanlege tilfelle som treng disambiguering, t.d. er første person plural pronoun 'vi' markert høg for å skilje det frå andre person plural mi 'de', og andre person singular pronoun 'du' er markert låg for å skilje det frå tredje person plural pronoun wo 'dei'

  • ekpɔ wò [ɛ́kp͡ɔ̀ wɔ̀] — 'he saw you'
  • ekpɔ wo [ɛ́kp͡ɔ̀ wɔ́] — 'he saw them'

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ansre, Gilbert (1961) The Tonal Structure of Ewe. MA Thesis, Kennedy School of Missions of Hartford Seminary Foundation.
  • Ameka, Felix Kofi (2001) 'Ewe'. In Garry and Rubino (eds.), Fact About the World's Languages: An Encyclopedia of the World's Major Languages, Past and Present, 207-213. New York/Dublin: The H.W. Wilson Company.
  • Capo, Hounkpati B.C. (1991) A Comparative Phonology of Gbe, Publications in African Languages and Linguistics, 14. Berlin/New York: Foris Publications & Garome, Bénin: Labo Gbe (Int).
  • Pasch, Helma (1995) Kurzgrammatik des Ewe Köln: Köppe.
  • Westermann, Diedrich Hermann (1930) A Study of the Ewe Language London: Oxford University Press.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Capo, Hounkpati B.C. (1991) A Comparative Phonology of Gbe, Publications in African Languages and Linguistics, 14. Berlin/New York: Foris Publications & Garome, Bénin: Labo Gbe (Int).
  • Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediaewe