Halofil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Store Saltsjø i Utah, USA er eit døme på habitat kor ein finn halofilar.

Halofilar er organismar som er i stand til å overleva og trivast i miljø med særs høg salinitet. Dei fleste av dei veks frykteleg sakte eller ikkje i det heile teke ved låge elektrolyttkonsentrasjonar.

Ulike forfattarar opererer med ulike definisjonar på kva ein halofil er, men det vanlegaste er at organismen treng eit saltinnhald frå 0,5 M og oppover i miljøet sitt for å kunne veksa og formeira seg. Døme på habitat der det finst halofilar kan vera Dødehavet, Store Saltsjø ved Salt Lake City og Owens Lake i California.

Dei fleste halofilar er arkar, men det finst òg somme bakteriar som trivst i slike miljø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Singleton, Paul & Sainsbury, Diana: Dictionary of Microbiology and Molecular Biology Wiley, 1987
Ekstremofilar
acidofil | alkalifil | barofil | halofil | osmofil | piezofil | psykrofil | termofil | xerofil |