Store Saltsjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Store Saltsjø (engelsk: Great Salt Lake) er ein endorheisk innsjø i Utah. Den dekker om lag 4400 km², men vasshøgda varierer frå år til år. I 1963 var vasstanden på sitt lågaste og sjøen dekte berre ca 1529 km², medan den i 1987 dekte 5311 km², som er rekorden i dag. På grunn av at fordamping er den einaste måten vatn kan forsvinne på har sjøen fått kallenamnet «America's Dead Sea» (Amerikas dødehav).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Store Saltsjø var ei gong i tida ein del av Bonnevillesjøen, som var på storleik med Michigansjøen og mykje djupare. Bonnevillesjøen var rundt ti gonger større og rundt 305 meter djup. Den dekte store delar av dagens Utah og mindre delar i Idaho og Nevada under istida for mellom 32 000 og 14 000 år sidan. Då klimaet endra seg begynte den store Bonnevillesjøen å tørke opp, og det einaste som vart att etter den enorme sjøen var Store Saltsjø, Utahsjøen, Seviersjøen, Rushsjøen og Vesle Saltsjø.

Øyer[endre | endre wikiteksten]

Antelope Island er den største øya i Store Saltsjø og er ein eigen nasjonalpark.