Hamid Karzai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Kamid Karzai

Hamid Karzai (Dari, Pashto: حامدکرزى) (fødd 24. desember 1957) er den noverande presidenten i Afghanistan, og har vore det sidan 7. desember 2004. Sidan desember 2001 har Karzai vore leiar av interim-administrasjonen og har vore interim-president frå 2002.

Karzai vart fødd i Kandahar. Som etnisk pashto og medlem av den mektige Populzai-klanen (som mange av dei afghanske kongane var frå), kom han frå ein familie som var blant dei sterkaste tilhengjarane av kong Zahir Shah. Han var difor tidleg involvert i politikken i Afghanistan.

Han vart vald til president gjennom presidentvalget i Afghanistan i 2004, og vart gjenvald under presidentvalet i Afghanistan. Det er bevis for valfusk i begge vala.

Karzai er sjølverklært islamist, og inga religionsfridom eksisterer. Korrupsjon er utbreidd, og Karzai har mellom anna vore involvert i narkotikasmuggling. Det er registrert tortur og alvorlege brot på ytringsfridom. Han er òg vorte kritisert for å vere kvinneundertrykkande.