Afghanistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
جمهوری اسلامی افغانستان
(dari, Jamhūrī-ye Islāmī-ye Afġānistān)

د افغانستان اسلامي جمهوریت
(pasjto, De Afġānistān Islāmī Jomhoriyat)

'Den islamske republikken Afghanistan' (norsk: Afghanistan, afghansk)

Det afghanske flagget Det afghanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Milli Surood»
Geografisk plassering av Afghanistan
Offisielle språk Pashto og dari
Hovudstad Kabul
Styresett
Islamsk republikk
Hamid Karzai
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
652 230 km² (40.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
30 419 928 (40.)
46,6 /km² (46.)
Sjølvstende
frå Det britiske imperiet
1919
Nasjonaldag 19. august
BNP
 – Totalt (2005)
 
63 857 mill. USD (68.)
Valuta Afghani
Tidssone UTC+4,30
Telefonkode +670
Toppnivådomene .af


Afghanistan er eit land på grensa mellom Sentral-Asia og Sør-Asia. Det grensar til Pakistan, Iran, Turkmenistan, Usbekistan, Tadsjikistan og Kina. Afghanistan er ein innlandsstat, og størstedelen av landet er vanskeleg tilgjengelege fjellområde.

Afghanistan er eit fleiretnisk land som har vore gjennomfartsåre både for fleire handelsruter mellom Asia og Europa/Midtausten, og for ulike erobrarar. Landet fekk si noverande utforming på 1800-talet, då det blei prega av russisk og britisk rivalisering i området. Sidan midten av 1900-talet har stoda i landet vore uroleg, med mange maktbytte og fleire tiår med krig. Afghanistan blei okkupert av Sovjetunionen i 1979 og av ein koalisjon leidd av USA i 2001. Samstundes har ulike grupperingar i landet kjempa mot kvarandre.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Historisk kart over det noverande Afghanistan-området som Khorasan i Persia, Sind og Hindustan.

Namnet «Afghanistan» kjem av det alternative namnet for pasjtunar, «afghanarar», tradisjonelt brukt av ikkje-pasjtunar.[2] Pasjtunarane var grunnleggjarane av det moderne Afghanistan. Siste del kjem frå det persiske ordet stān ('land, stad'). Namnet blei brukt om heile landet i den anglo-persiske fredsavtalen frå 1801 og i seinare diplomatiske avtalar, og er stadfesta i den første afghanske grunnloven frå 1923.[3] Tidlegare hadde stormogul Babur omtalt eit område sør for Kabul som Afghanistan. Tidlegare former av namnet er Avagana (Afghana) nemnd av den indiske astronomen Varahamihira på 500-talet,[2] og Abgan, brukt av sassanidane på 200-talet.[4]

Andre namn brukt om landet er Kabulistan eller kongeriket Kabul, men historisk var området gjerne omtalt som Khorasan.[5]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over landet.

Med eit areal på 647 500 km² er Afghanistan det 41. største landet i verda. Det er om lag dobbelt så stort som Noreg.[6] Tadjikistan, Turkmenistan og Usbekistan grensar til Afghanistan i nord, Iran i vest, Pakistan i sør og Kina i aust.

Fjellandskap i Badakhshan-provinsen nordaust i Afghanistan.

Afghanistan er eit fjellendt land utan kyst med sletter i nord og sørvest. Det høgaste punktet er Nowshak på 7485 meter over havet. Klimaet varierer frå region til region og endrar seg ofte raskt. Store delar av landet er tørt og det er få ferskvasskjelder. Det endorheiske Sistan-bekkenet er eit av dei tørraste områda i verda.[7]

Medan sørvestlege område av landet er ørken eller særs tørre og bare, finst meir fruktbare delar nord i landet. Her finst steppeområde og dyrka mark.[8]

Landet vert ofte utsett for mindre jordskjelv, særleg nordaust for fjellområdet Hindukush. I 1998 vart om lag 125 landsbyar øydelagde og 4000 menneske mista livet. I mars 2002 råka ei rekkje jordskjelv landet der 1800 mista livet og tusenvis av heimar vart øydelagde.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Landet har mange naturresursar, som gull, sølv, kopar, sink, jernmalm i søraust, edelsteinar (som lapis, smaragd og asur) i nordaust og kanskje omfattande petroleum- og naturgassfelt i nord. Landet har òg uran, kol, kromitt, talkum, barytt, svovel, bly og salt.[9][10][11][12] Mange av desse minerala og energikjeldene er i stor grad urørte på grunn av all uroa i landet. Det er likevel planar om å starte utvinning av ressursane i nær framtid.[13][14]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Fjellområda like sør for landet stoppar monsunen før den går inn i landet, og Afghanistan har dermed eit tørt klima. Ytterkanten av lågtrykk som kjem inn over Midtausten frå Middelhavet kan gje litt regn om vinteren, eller snø i høgda. Temperaturane er derimot låge, særleg i høgda som ofte kan få frost. Om sommaren kan det derimot bli svært varmt, spesielt i låglandet. Kabul har ein årleg nedbørsnormal på 339 mm, medan Kandahar berre har 178 mm.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Snøleopard i Afghanistan.

Den tørre sørlege delen av landet har sparsomt plantedekke, mange plantar som blomar, gras og urter veks hovudsakleg berre under regntida om våren. Nordlege område har meir vegetasjon, og nokre fjellområde kan vera meir grøderike. Tre veks nesten berre i fjella, der ein kan finna bartre som gran og furu i dei høgaste områda og sedertre, eik, ask, or, einer og valnøtt. Berre rundt 3 % av landet er skogdekt.[1]

Dyrelivet trivst i tynt folkesette område. Det omfattar fjellevande dyr som villgeit og villsau, brunbjørn, rev, ulv, sjakal, stripehyene og snøleopard, og meir lågtlevande dyr som gaselle, mungo, piggsvin, flaggermus, spissmus og springrotte. Tidlegare levde også tigrar i landet, men dei er blitt utrydda.[1]

Det lever fleire rovfuglar her, som ørner og gribbar. Andre lokale fuglar er kråke, vaktel, fasan og rapphøns og våtmarkfuglar som trane, bekkasin og pelikan. Fleire trekkfuglar stoppar her om våren og hausten.[1] I elvene lever ulike typar ferskvassfisk, mellom anna aure, som det finst mykje av nord i Hindukushfjella.[1] Det lever også fleire reptilar i landet, nokre med Afghanistan som hovudleveområde, som afghansk bekksalamander eller Paghman-bekksalamander (Paradactylodon mustersi og afghansk leopardgekko (Eublepharis macularius afghanicus).

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Eit etnolingvistisk kart over Afghanistan frå 1997 viser eit samansett land.

I 2012 var det estimerte folketalet til Afghanistan 31 108 077.[15] Kriginga har ført til store forflyttingar, både inne i landet, til dømes til relativt trygge Kabul,[1] og til andre land som flyktningar, særleg i Pakistan og Iran.[16]

Størsteparten av afghanarar bur på landsbygda.[1] Den einaste byen med over ein million innbyggjarar er hovudstaden Kabul. Dei andre større byane er, i synkande rekkjefølgje etter innbyggjartal, Kandahar, Herat, Mazar-i-Sharif, Jalalabad, Lashkar Gah, Taloqan, Khost, Sheberghan og Ghazni.

Afghanarar tilhøyrer fleire ulike folkegrupper. Den største er pastjunarar, som utgjer rundt 42 % av alle. Deretter følgjer tadsjikar (27 %), hazarafolk (9 %), usbekar (9 %), aimakfolk (4 %), turkmenarar (3 %), balotsjar (2 %) og andre (4 %).[17] Dari (afghansk persisk) og pasjto er offisielle språk og blir snakka av eit fleirtal i landet, med dari som lingua franca. Mindre språk er usbekisk, turkmensk, balotsji, pasjai, nuristani og pamiri.[17] Språka høyrer til fire ulike språkgrupper (indoarisk, iransk, altaisk og dravidisk), noko som gjer dei svært forskjellige.[18]

Sunniislam er den største religionen i landet, og omfattar rundt 80 % av folkesetnaden. Rundt 19 % er sjiamuslimar, medan 1 % tilhøyrer andre religionar.[17]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Afghanistan vert ofte kalla «vegkrysset i Sentral-Asia», og har ei turbulent historie. Regionen som i dag heiter Afghanistan har opp gjennom tidene vorte okkupert av mange styrkar inkludert Aleksander den store, Det persiske riket, Kusjanriket og Djengis khan. Overgangen til islam byrja på 600-talet, og fleire lokale muslimske rike blei seinare erobra av mongolar i 1222.[19] Ghaznavidane bygde eit rike som strekte seg til dagens India, og blei seinare sultanar av Delhi. Dei blei etterfølgd av ghoridane.[1]

Den afghanske staten slik vi kjenner den i dag, oppstod i 1746 under Durrani-dynastiet.[19] Kampen om kontroll over Afghanistan var del av «det store spelet» mellom Storbritannia og Russland, og britane hadde stort sett kontroll over landet fram til kong Amanullah kom på trona i 1919 og oppnådde sjølvstende.[19]

Sidan 1900 har elleve leiarar vorte fjerna udemokratisk: 1919 (attentat), 1929 (abdisert), 1929 (avretting), 1933 (attentat), 1973 (fjerna), 1978 (avretting), 1979 (avretting), 1979 (avretting), 1987 (fjerna), 1992 (kasta), 1996 (kasta) og 2001 (kasta).

Den siste stabile perioden i Afghanistan var mellom 1933 og 1973 då landet var under kong Zahir Shah. I 1973 gjennomførte kongen sin svoger, Mohammed Daoud Khan, eit kupp. Daoud og heile hans familie vart myrda i 1978 då det afghanske kommunistpartiet overtok styret gjennom eit kupp. Motstanden mot regjeringane som fylgde var betydeleg, og påverka av andre land. I tillegg var regjeringane prega av innbyrdes konflikt. Då regjeringa stod i fare for kollaps, intervenerte Sovjet 24. desember 1979. Mujahedin sin motstand, støtta av USA, Pakistan og andre land, førte til at rundt 15000 sovjetiske soldatar mista livet i Den afghansk-sovjetiske krigen. Dette i tillegg til internasjonalt press førte til at Sovjet trekte seg ut ti år seinare i 1989.

Den afghanske konflikten heldt fram mellom ulike mujahedin-fraksjonar. Dette førte til opprettinga av ein tilstand der krigsherrar regjerte og Taliban oppstod. Dei mest alvorlege samanstøyta hende i 1994 då 10 000 menneske vart drepne frå ulike fraksjonar i kampane rundt Kabul. Støtta av Pakistan og Pakistan sine allierte utvikla Taliban seg til ein politisk og religiøs maktfaktor og tok til slutt makta i 1996. Taliban klarte å erobre 90 % av landet, bortsett frå Nordalliansen sine festningar fyrst og fremst i nordaust. Taliban freista å gjennomføre ei streng tolking av islamsk sharia-lov. Alliansen mellom Pakistan og Taliban gav muslimske terroristar støtte og ein trygg gøymestad (særleg Osama bin Laden sitt al-Qaida) og var sentrum for islamistisk terrorisme.

Den amerikansk-leia alliansen sin militære intervensjon som starta 7. oktober 2001 førte til Taliban sitt fall. Angrepet var eit svar på terroristangrepet i USA 11. september same året. Seint i 2001 møtte leiarar frå motstandsgruppene i Afghanistan og områda rundt i Bonn og vart einige om ein plan for opprettinga av ein ny regjeringsstruktur der Hamid Karzai vart formann i et afghansk interimstyre i desember 2001. Etter eit landsdekkjande loya jirga i 2002 vart Karzai vald til president.

I tillegg til sporadiske voldelege politiske opptøyar og pågåande militære aksjonar for å reinske ut restane av al-Qaida og Taliban, slit landet med enorm fattigdom, krigsherrar som tek seg til rette, ein svært svak infrastruktur og landminer. Landet har også vore råka av tørke på 2000-talet og var jordskjelv i 1998 og 2002.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Afghanistan er ein islamsk republikk som sidan 2001 har vore styrt etter maktfordelingsprinsippet. President og leiar for den utøvande makta i landet er Hamid Karzai, den todelte nasjonalforsamlinga utgjer den lovgjevande makta, medan domstolane utgjer den dømmande makta. Den langvarige væpna konflikten og etniske, religiøse og stammekonfliktar set også preg på styret av samfunnet. I dei ulike institusjonane går ei skiljeline mellom «moderne», vestleg-orientert på den eine sida og «tradisjonelle», fundamentalistisk-orienterte på den andre.[20]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Afghanistan er delt inn i 34 provinsar (velayat):

Kart som viser provinsane i Afghanistan

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Nomadisk husdyrhald i fjella i Afghanistan.

Jordbruk og dyrehald er dei viktigaste næringane i Afghanistan, både når det gjeld sysselsetting og verdiskaping. I normale tider står landbruket for halvparten av BNP, og tradisjonelt har 85 % vore sysselsette i desse næringane. Berre ein åttandedel av landet kan dyrkast, og mykje av det treng kunstig vatning. Tradisjonelt driv ein sjølvberging, men det blir også produsert ein del varer til handel og eksport.[1] Den viktigaste matavlinga er kveite, men ein dyrker også mais, ris, bygg,[1] grønsaker som potet, lauk og tomat, frukt som melon, plomme, aprikos og granateple og nøtter som mandel, valnøtt og pistasj.[21] Bomull og avleidd industri var tidlegare ei viktig næring i landet. Ulovleg opiumsvalmuedyrking og tilhøyrande narkotikaframstilling og smugling utgjer ein tidvis stor del av økonomien.[1]

Dyr som sauar, geiter, kyr, vassbøflar, kamelar, hestar og esel er viktige husdyr. Dyr blir brukt til transport og til å produsera mjølk, kjøt og ull som mellom anna blir brukt i teppeproduksjon. Det blir også produsert pels frå dyr som karakul. [1]

Industriverksemd har vore hindra av dei langvarige konfliktane i landet og dårleg infrastruktur. Tekstilindustrien har tradisjonelt vore viktig, både bomull, ull og kunstfiberproduksjon. Det blir også produsert varer som sukker, matolje, møblar, sko, såpe og sement i landet.[1]

Korrupsjon[endre | endre wikiteksten]

Afghanistan er særs utsett for korrupsjon. I ei undersøking frå 2010 var den offentlege sektoren i landet sett på som den tredje mest korrupte i verda.[22] I ei SN-undersøking frå same året rekna afghanarar offentleg korrupsjon som det største problemet i landet. Ein rekna med at summar tilsvarande rundt 23 % av GDP gjekk til muting i 2009.[23]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Afghansk sjukepleiar med pasient i 2006.
Foto: Ben Barber (USAID)

Helse[endre | endre wikiteksten]

Av ulike årsaker har Afghanistan ein svært høg spedbarn- og barselsdøydelegheit (119,41 døde spedbarn per 1 000 levande fødslar, 460 mødredødsfall per 100 000 levande fødslar i 2010) og ein låg forventa levealder (50,11 år ved fødselen).[17] Landet har eit dårleg utbygd helsesystem, mange har ikkje tilgang til helsetenester i det heile. Vidare har få tilgang på reint drikkevatn (berre 1/8 av befolkninga på 1990-talet), noko som gjer vassborne sjukdommar utbreidde. Krigsskader i form av bomber og landminer har råka mange, utan at dei får hjelp.[1]

Islamistisk motstand mot kvinneleg arbeid utanfor heimen førte til at kvinnelege helsearbeidarar ikkje kunne arbeida under Taliban-styret. Vidare har mistru mot vaksinasjonsprogram ført til trugsmål og åtak mot helsearbeidarar.[24]

Gutar på utandørsskule i 2010.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om grunnskuleutdanning i teorien er gratis og obligatorisk, går berre under ein fjerdedel av afghanske ungar på skule. Særleg jenter er hindra i å gå på skule. Over 70 % av befolkninga over 15 år manglar skrivekunne, blant kvinner galdt dette nær 90 % i 2000.[17]

Ungdoms- og vidaregåande skular finst berre i provinshovudstader og større busetnader. Landet hadde lenge berre to universitet, Universitetet i Kabul og Nangarhar-universitetet i Jalalabad, men sidan invasjonen i 2001 er fleire nye institusjonar blitt opna.[1]

Media og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av 2000-talet hadde Afghanistan eit svært dårleg kommunikasjonsnettverk. Landet hadde ikkje noko mobilnettverk eller internettilgang i 2002.[1] I 2011 hadde landet framleis berre rundt 75 000 fasttelefonar, men over 17 millionar GSM-abonnentar og over 1 million internettbrukarar.[25]

Radio Kabul har, under ulike namn, vore eit offisielt organ i landet frå han starta senda i 1920-åra. To fjernsynskanalar blei opna i 1974, med RTA TV som den offisielle kanalen som framleis er i drift. Medan radiomottakarar er utbreidde i Afghanistan, er fjernsyn mindre utbreidd. Rikare innbyggjarar kan ha parabolantennar og slik ta imot sendingar frå andre land.[1]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Hovudvegnettet i Afghanistan.
Gatesene med hest og vogn.

Afghanistan er avhengig av landtransport med nabolanda, då elvane i landet er lite farbare. Tradisjonelt brukte ein karavanefrakt, som framelis er i bruk. På 1960-talet byrja ei utbygging av vegnettet som band saman dei viktigaste handelssentra og transportknutepunkta i Afghanistan og nabolanda. Dette gav landet vegsamaband med mellom anna Gushgy i Turkmenistan, Termiz i Uzbekistan og Chaman og Peshawar i Pakistan og andre grensebyar.[1] Desse vegane blei mellom anna nytta av hippiar som reiste landvegen mellom Europa og India. Mange stader har likevel vore utan vegsamband. I tillegg forfall dei nye vegane under krigane, og blei ikkje reparerte. For mange afghanarar er dermed hest, esel og kamel framleis dei viktigaste transportmidla.[1] Etter invasjonen av Afghanistan i 2001 blei det lagt vekt på oppgradering av vegnettet.

Det finst jernbanesamband med Usbekistan og Turkmenistan nord i landet, med ei linje under utbygging til Kabul og vidare til Pakistan.[26] I fleire tiår fanst ein veteranjernbane gjennom Khaibarpasset, mellom Afghanistan og Pakistan, men delar av denne blei vaska vekk av regn i 2006.

Landet har 53 flyplassar, mange av dei berre grusdekte flystriper. Den største er Kabul internasjonale lufthamn.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Persisk miniatyrbilde av Noahs ark laga i Herat rundt 1425.

Den afghanske kulturen ber preg av ein mangfaldig nasjon som i fleire tusen år har blitt påverka frå områda rundt. Hellenistisk kunst, hinduiske og særleg buddhistiske idear, mongolsk, persisk og muslimsk kultur er berre nokre av innverknadane. Under mogultida var Kabul og Herat regionale kultur- og kunnskapssenter.[1]

Daglegliv[endre | endre wikiteksten]

Menn i eit tehus dekorert med knytte teppe.

Det afghanske samfunnet er slekt- og gruppebasert. Språkleg, etnisk og religiøs gruppe er viktig, men afghanarar identifiserer seg også etter qawm, ei sosial eining som byggjer på slektskap, bustad eller yrke og som blir styrt av eit grupperåd (jirga eller sjura). Rådet er styrt av eldre menn, og reflekterer at det afghanske samfunnet er svært patriarkalsk.[1]

Afghansk mat er basert rundt flate kveitebrød (nán) ete ferskt med kjøt- eller grønsakstuingar. Andre typiske retter er innbakte kjøtpaiar (sanbūseh), pilaffris, den lapskausaktige suppa āsh som kan innehalda belgfrukt, grønsaker og nudlar, jogurtbaserte sausar og frukt.[1]

Den tradisjonelle klesdrakten for menn er laus buksedrakt med lang vest over og eit hovudplagg som pakol eller karakol. Kvinner bruker ofte salvar kamiz med lang kamiz, gjerne med belte. På hovudet kan dei ha eit slør (hidsjab) og over dette kan mange bera heildekkande burka eller tsjador. Under Taliban-styret var burkatildekking påkravd, og fleire islamistiske grupperingar insisterer framleis på å gjera dette obligatorisk.[1] Medan tsjador/burka har persiske røter, er vinterfrakken tsjapan, brukt av menn, meir sentralasiatisk.

Sport og spel[endre | endre wikiteksten]

Drakeflyging er ein utbreidd ungdomssport der målet kan vera å skjera over drakelina til motstandarar. Bryting og den valdsame hestesporten buzkashī er også populære. Skyting blir både gjort til jakt og som idrett.[1]

Afghansk mynde er ein rask jakthund frå Afghanistan som er blitt verdskjend. Hanekamp er ein annan form for dyresport som er utbreidd i landet. Denne blodsporten, der ein ofte også driv med veddemål, blei også forboden under Taliban.[27]

Arkitektur og biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Til store afghanske kunstperiodar kan ein rekna gandharakunst frå hundreåra før år 1, ei form for gresk-buddhistisk kunst som mellom anna omfattar dei no øydelagde buddhastatuane i Bamiyan. Eit anna høgdepunkt er timuridetida på 1400-talet, då Herat var eit kunstsentrum for persisk miniatyrmåling. Timuridearkitektur er framleis eit førebilete for byggjekunst i landet.[1]

Handvevde teppe av lokal ull blir laga av ulike grupper med sine eigne mønstertradisjonar. Desse teppa blir brukt på golv og veggar, eller er del av reiseutstyr for nomadelivet mange av dei stammar frå.[28] Teppa har gjerne abstrakte og repeterande mønster, men nokre kan vera figurative. Ein tradisjon som byrja på 1970-talet var «krigsteppe», avbildingar knytte til krigen i landet.[29]

Forteljande og utøvande kunst[endre | endre wikiteksten]

Dans under ein pause i ein brytekamp i Kandahar-provinsen i 2011.

Afghansk litteratur byggjer på tradisjonar frå fleire språk og kulturar. I Herat budde den vidkjende arabiskspråklege forfattaren al-Hamadhani på 900-talet, medan persiskspråklege Jami budde der på 1400-talet. Rumi var fødd i kultursenteret Balkh på 1200-talet. Khushhal Khan Khatak frå 1600-talet var ein pasjtunsk leiar og diktar som er rekna som far til pastjolitteraturen.[1]

Attan er ein dans som tradisjonelt blir framført utandørs i samband med høgtider og festar som bryllaup. Dansen var opphavleg pasjtunsk, men er blitt spreidd til heile landet. Under Taliban var både dans og musikk forbodne.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Afghanistan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 1,21 1,22 1,23 1,24 1,25 1,26 «Afghanistan», Encyclopædia Britannica (2011), Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.
  2. 2,0 2,1 Ch. M. Kieffer, «Afghan», Encyclopaedia Iranica, Online Edition, 1982
  3. THE CONSTITUTION OF AFGHANISTAN APRIL 9, 1923, Constitutions of the Past (1923), afghan-web.com
  4. «History of Afghanistan», Encyclopædia Britannica Online.]
  5. «Khorāsān», Encyclopædia Britannica (2011), Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.
  6. «Afghanistan», Encyclopædia Britannica (2011), Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica
  7. «History of Environmental Change in the Sistan Basin 1976–2005» (PDF). http://postconflict.unep.ch/publications/sistan.pdf. Henta 1. mars 2010. 
  8. «Afghanistan», World Encyclopedia, Philip's. Henta 29. mai 2013
  9. Afghanistan, CIA World Factbook.
  10. Gold and copper discovered in Afghanistan.
  11. Uranium Mining Issues: 2005 Review.
  12. 16 detained for smuggling chromites, Pajhwok Afghan News.
  13. Afghanistan’s Energy Future and its Potential Implications, Eurasianet.org.
  14. Govt plans to lease out Ainak copper mine, Pajhwok Afghan News.
  15. «Population of Afghanistan». The World Factbook. CIA. 2010. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/fields/2119.html?countryName=Afghanistan&countryCode=af&regionCode=sas&#af. Henta 29. mai 2013. 
  16. Stalker, Peter, «Afghanistan», A Guide to Countries of the World, Oxford University Press, 2010.
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 «South Asia: Afghanistan». The World Factbook. CIA. 2010. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/af.html. Henta 29. mai 2013. 
  18. Afghanistan Language Families. Kart ved Ethnologue.com
  19. 19,0 19,1 19,2 «Afghanistan», A Dictionary of World History, Wright, Edmund (red.), Oxford University Press, 2006.
  20. Amin Tarzi, «New Supreme Court Could Mark Genuine Departure», RFE/RL, e-ariana.com, 13/08/2008.
  21. «Fruit, Nuts and Vegetables», afghanag.ucdavis.edu
  22. «Corruption Perceptions Index 2010 Results», Transparency International, 2010.
  23. «Corruption widespread in Afghanistan, UNODC survey says», unodc.org
  24. Emma Graham-Harrison, «Afghan gunmen kill polio vaccination worker in latest attack on women», Guardian.co.uk (5. desember 2012); «Taliban stopping polio vaccinations, says Afghan governor», Guardian.co.uk (13. mars 2013)
  25. «Statistics». Ministry of Communications (Afghanistan). 2006. http://mcit.gov.af/en. Henta 17 January 2012.  Henta frå Engelsk Wikipedia.
  26. Tamim Shaheer, «Construction on Kabul-Torkham Railway to Start Soon, Ministry of Mines Says», tolonews.com (18 October 2011)
  27. Nick Tann, Cockfighting in Kabul, The Dark Room, Baltimore Sun (1. mars 2013)
  28. Carpets and Rugs of Afghanistan, Afghanistan Online, afghan-web.com
  29. Battleground: War Rugs from Afghanistan, textilemuseum.ca; Rug-of-War, smithsonianmag.com