Handhalden lupe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei handhalden lupe er eit optisk hjelpemiddel som ein kan få både med og utan ljos. Handhaldne luper vert gjerne nytta gjerne ved ein lettare grad av svekka syn eller i situasjonar der ein treng forstørring i ein kortare tidsperiode. Handhaldne luper kan ein få med forstørring på om lag 2–20×. Ekstra ljos på lupa kan vera naudsynt for svaksynte med sterkare trong for opplysing.
Ei handheld lupe er meir tolerant overfor variasjonar i avstand (eller unøyaktige innstillingar) enn andre luper. Det som kan vera problematisk for brukaren er å finna rett sittestilling, unngå refleksar i lupa frå ljoskjeldene i rommet, samt å halda lupa og objektet i rett avstand frå augo. Dei rette avstandane finn ein lettast ved å prøva seg fram.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelde
- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Håndholdte luper» på Wikipedia på bokmål og riksmål.