Hangul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ordet Hangul skrive ved hjelp av det koreanske alfabetet Hangul. Det vert lese frå venstre mot høgre frå toppen og ned.

Hangul (eller hangeul, 한글) er eit fonetisk koreansk alfabet.[1] Det blir brukt for å skrive koreansk i både Nord-Korea og Sør-Korea, men i einskilde samanhengar blir det komplettert i Sør-Korea med kinesiske skriftteikn i form av hanja. Det er verdas einaste tilrettelagde og hyppig brukte fonetiske skriftspråk som med vilje er utforma slik at det skal vere enkelt å forstå: Som i indiske skriftspråk, blir konsonantane i hangul klassifisert etter kor i munnen dei skal uttalast, men hangul går eit skritt vidare, ved at teikna òg representerer eit skjematisk oppsett av korleis tunga og munnen skal posisjonerast for å uttale lyden. ㄱ [k] representerer at tunga er pressa opp mot ganen (symbolet viser tunga "sett frå venstre"), medan ㅋ [kʰ] i tillegg har ein strek som viser aspirasjon.

Sjølv om hangul er kjent for å vere fonetisk korrekt, er det, på grunn av endringar som har skjedd i språket etter at alfabetet vart laga, ikkje lenger heilt slik. Ein person som lærer seg å lese hangul er nøydd til å lære seg ei rekkje assimilasjonsreglar. Einskilde lydar som i litt eldre koreansk var ulike, slik som 애 (ae)og 에 (e), blir uttalt av mange koreanarar i dag (spesielt yngre koreanarar) heilt likt, og dette er ei utfordring for utlendingar som lærer språket, sidan ein kan lese skilnaden, men ikkje høyre skilnad, og difor må ein kunne skilnaden i skrift viss ein skal skrive ned nye ord.

Ved translitterasjon av koreansk nyttar Nord-Korea offisielt McCune-Reischauersystemet. I 2000 gjekk Sør-Korea over til å nytte ei revidert romanisering.

Hanguldagen blir markert den 9. oktober i Sør-Korea og 15. januar i Nord-Korea.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.