Harald Cramér

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harald Cramér.jpeg

Carl Harald Cramér (25. september 18935. oktober 1985) var ein svensk matematikar og forsikringsmann.

Han var professor i forsikringsmatematikk og statistikk ved Stockholms Högskola frå 1928 til 1950 og rektor ved skulen frå 1950 til 1958. Frå 1958 til 1961 var han universitetskanslar. Han har òg vore aktuar ved svenske livsforsikringsselskap. Produksjonen hans omfattar reint matematiske arbeid i den analytiske tallteorien, så vel som aktuarvitskap og statistikk. Han har skrive fleire lærebøker, mellom anna Sannolikhetskalkylen (1926) og Mathematical Methods of Statistics (1945).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]