Harbardsbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harbardsbreen
Type Platåbre
Stad Breheimen
Koordinatar 61°41′N 07°40′EKoordinatar: 61°41′N 07°40′E
Areal 36 km²
Lengd 12 km
Tjukkleik 160 m
Høgaste punkt 1970 moh
Lågaste punkt 1250 moh

Harbardsbreen er ein isbre i Breheimen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Han har eit areal på 36 km² og er den tiande største isbreen i landet om ein ser bort frå Svalbard.

NVE har føreteke hydrologiske undersøkingar av breen sidan 1996 og har mellom anna funne ei fordjupning under breen med ein istjukkleik på opp til 160 meter. Breen strekkjer seg om lag 12 km frå nord til sør og ligg i høgda frå 1250 meter over havet til 1970 meter over havet.

27. juni 2001 fall ein 34 år gammal svensk mann ned i ein bresprekk og omkom.[1]

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk