Svalbard
|
|||||
| Status | Del av Kongeriket Noreg med dei avgrensingar som fylgjer av Svalbardtraktaten | ||||
| Sysselmann | Odd Olsen Ingerø (2009-) | ||||
| Hovudstad | Longyearbyen | ||||
| Offisielt språk | Norsk | ||||
| Areal - % vatn |
61 022 km²
|
||||
| Folketal - totalt |
ca. 2 756 (2004) |
||||
| Verdsdel | Europa | ||||
| Internet-domene | .sj (ikkje i bruk, .no vert brukt [1]) | ||||
| Tidssone | UTC +1 | ||||
| Internasjonal telefonkode | +47 | ||||
| Nasjonalsong | Ja, vi elsker dette landet | ||||
Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet, og utgjør alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordlig bredde og 10 og 35 grader austlig lengde. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya og Bjørnøya. Etter Svalbardtraktaten (av 9. februar 1920) er Noreg tilkjent full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei begrensningane som fylgjer av traktaten. I fylgje lov av 17. juli 1925 er Svalbard ein del av Kongeriket Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Namnet er fyrste gong nemnd i islandske skrifter frå 1194. I den islandske landnåmsboka frå 1200-talet er Svalbard også nemnd, men det er ikkje sikkert om dette er det same som Svalbard av i dag. Noreg vart gjeve suverenitet over Svalbard i 1920 etter at den såkalla Svalbardtraktaten vart inngått mellom Noreg og fleire andre land i Europa. Norsk styre tok til frå 14. august 1925.
[endre] Geografi
Totalt omfattar Svalbard landområde med eit areal på 61 022 km². Dei ti største øyane er
- Spitsbergen (37 673 km²)
- Nordaustlandet (14 443 km²)
- Edgeøya (5074 km²)
- Barentsøya (1288 km²)
- Kvitøya (682 km²)
- Prins Karls Forland (615 km²)
- Kongsøya (191 km²)
- Bjørnøya (178 km²)
- Svenskøya (137 km²)
- Wilhelmøya (120 km²)
I tillegg er det ei lang rekke mindre øyar og holmar som til saman utgjør 621 km².
Dei største tettstadane på Svalbard er Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund. I Longyearbyen som er administrasjonssenter for Longyearbyen lokalstyre, ligg sysselmannskontoret for Svalbard.
[endre] Klima
Svalbard har tundraklima med eit sterkt maritimt preg med mykje tåke og skyar. Dei høgaste månadsmiddeltemperaturane ligg mellom 0 og 10 °C. Greina av Den norske atlanterhavsstraumen som går nordover langs vestkysten av Spitsbergen og vidare mot aust utanfor nordkysten, er kanskje den viktigast faktoren for vêr og klima. Her kan det vere ope vatn over større område, sjølv midt på vinteren, medan austkysten samstundes kan vere blokkert av is som delvis vert ført med straumen rundt Sørkapp.
Heile øygruppa er påverka av dei polare austvindane. Dette systemet blir noko deformert på grunn av fordelinga av land, is og ope hav. Den herskande vindretninga er stort sett frå nordaust. Berre i ein kort sommarsesong kan vestleg vind opptre oftare enn den austlege ved vestkysten og i fjordane der. Øyane har liten kuling eller meir frå kring 10 til kring 20 % av året på utsette stader, frå 5 til 10 % i fjordstrøk og område i aust og nordaust der polarisen dominerer.
Den kaldaste månaden er som regel februar eller mars og middeltemperaturen varierer frå ca. –7 °C på Bjørnøya til –15 °C eller litt lågare i indre fjordstrøk på Spitsbergen. Det er truleg middel på kring –20 °C i områda lengst nordaust, men her manglar det pålitelege data. Den lågaste målte temperaturen er –32 °C på Bjørnøya, og mellom –40 og –45 °C på Spitsbergen, med –46 °C på Svalbard lufthamn, målt først i mars, som rekord. Middeltemperaturen for varmaste sommarmånad syner ei jamn fordeling frå 3 til 6 °C, varmast i dalstrøka på Spitsbergen, og litt kaldaste lengst aust. Juli er den varmaste månaden i dei skjerma fjordstrøka, elles august. Den høgaste målte temperaturen er over 15 °C; både på Bjørnøya og Svalbard lufthamn har ein målt over 20 °C. Det er målt varmegrader i månadane av året, men det har òg vore målt kuldegrader i alle, bortsett frå i juli i fjordstrøka.
Nedbøren kjem hovudsakleg frå skyer i låg høgd, så fordelinga er derfor sterkt prega av terrenget. Årsnedbøren er om lag 200 til 500 mm, med mest nedbør på ettersomaren og hausten. Enkelte skjerma område nord på Spitsbergen har truleg nedbør under 100 mm, medan det i eit maksimalområde i søraust truleg er 10 gonger så mykje.
Svalbard har mykje overskya vêr, sjølv når det er høgtrykk. Det er meir tåke her enn nokon stasjonar i låglandet i fastlands-Noreg, 8-10 % over havet og kysten i sør, men under 1 % i indre fjord- og dalstrøk. Det er mest tåke om sommaren, men det kan kome tåke året rundt. Minst skydekke er det i april og mai.
På Svalbard er det meteorologiske stasjonar ved Isfjorden, Ny-Ålesund, Svea, Hornsund, på Hopen og på Bjørnøya.
Øygruppa har midnattssol frå 20. april–22. august og mørketid frå 27. oktober–15. februar (dei nøyaktige datoane vil variere etter kor langt nord eller sør ein oppheld seg.
[endre] Fauna
I eit møte i Svalbardrådet den 26. april 1989 vedtok rådet med 13 mot to røyster å gå inn for svalbardvalmue som «fylkesblomst» for øygruppa. Sysselmannen fann det ikkje rett å fatta eit formelt vedtak då det ikkje var heimel for det.
[endre] Folkesetnad
På øygruppa bur det nordmenn (over 1900) og slavarar (i hovudsak russarar og ukrainarar) (ca 750). Dei fleste overvintrar. I tillegg til i Longyearbyen og Barentsburg, er det også fast busetting i Ny-Ålesund, på Bjørnøya og på Hopen. Sysselmannen er staten sin øvste representant på Svalbard og utøver politimynde. Øygruppa vert elles administrert som ein del av Troms fylke. Enkelte lover gjeld ikkje på Svalbard.
Busetnadar og stasjonar Folkemengd pr. 1. september 2004
- Longyearbyen: 1831
- Ny-Ålesund: 33
- Svea (Sveagruva): 9
- Barentsburg: 812 (russarar og ukrainarar)
- Hornsund: 12 (polakkar)
- Bjørnøya: 9
- Hopen: 4
[endre] Næringsliv
Svalbard er kjend for store kolressursar. Både av russarar og nordmenn er det drive kolutvinning sidan tidleg på 1900-talet. Det er funne jern, asbest og sinkblende. Leiteboring etter olje og gass finn stad. Svalbard radio er i dag den einaste kystradiostasjonen på Svalbard. Stasjonen som er viktig i maritim redningsteneste samarbeider nært med Svalbard lufthamn. Lufthamna er den internasjonale flyplassen ved Longyearbyen. Lufthamna har ruteflytrafikk til Tromsø og Murmansk/Moskva. Turisme er viktig for Svalbard og mange tusen turistar frå heile verda vitjar øygruppa med håp om å oppleva mellom anna midnattsol, isbjørn og det vêrharde klimaet. Det er nokre få fangststasjonar i drift, eit år var mellom anna den kjende eventyraren Stein P. Aasheim og familien ein vinter i ei fangsthytte på Austfjordneset på Spitsbergen. På Svalbard ligg også satellittstasjonen SvalSat som tek imot data frå satellittar i bane rundt jorda.
[endre] Verneområde
Mye av landområda på Svalbard inkludert kystnære område er freda, anten som nasjonalparkar eller som naturreservat. Av dei største nasjonalparkane er Sør-Spitsbergen nasjonalpark, som utgjør Spitsbergen sør for Van Keulenfjorden, Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark, som omfattar Haakon VII Land, og Forlandet nasjonalpark som omfattar Prins Karls Forland.
[endre] Nasjonalparkar
- Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark
- Forlandet nasjonalpark
- Nordre Isfjorden nasjonalpark
- Sassen-Bünsow Land nasjonalpark
- Nordenskiöld Land nasjonalpark
- Sør-Spitsbergen nasjonalpark
- Indre Wijdefjorden nasjonalpark
[endre] Naturreservat
- Nordaust-Svalbard naturreservat
- Søraust-Svalbard naturreservat
- Hopen naturreservat
- Bjørnøya naturreservat
- Ossian Sars naturreservat
- Moffen naturreservat
[endre] Fuglereservat
- Blomstrandhamna fuglereservat
- Boheman fuglereservat
- Dunøyane fuglereservat
- Forlandsøyane fuglereservat
- Guissezholmen fuglereservat
- Gåsøyane fuglereservat
- Hermansenøya fuglereservat
- Isøyane fuglereservat
- Kapp Linné fuglereservat
- Kongsfjorden fuglereservat
- Moseøya fuglereservat
- Olsholmen fuglereservat
- Plankholmane fuglereservat
- Skorpa fuglereservat
- Sørkapp fuglereservat
[endre] Geotopverneområde
[endre] Bakgrunnsstoff
- Sysselmannen på Svalbard
- Public Institutions and Services in Svalbard
- The Svalbard Project
- Svalbard Images Kart og foto
- St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard ([2])
[endre] Systerprosjekt
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon, snl.no, «Svalbard – klimaet» av Petter Dannevig
|
|
|---|
| Barentsøya | Berkha | Bjørnøya | Dolgijøya | Edgeøya | Gorbovyøya | Hopen | Juzjnyj | Kharlovøya | Kildinøya | Kolgujev | Kongsøya | Lumbovskijøya | Mezjdusjarskij | Morzjovets | Novaja Zemlja | Pankratjev | Pinjegin og Kazimov-øyane | Sengejskijøya | Severnyj | Svalbard | Vajgatsj |
