Hat-trick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hat trick)

Hat-trick eller hat trick er eit uttrykk frå engelsk som i Noreg og fleire andre land vert nytta i somme idrettskonkurransar for noko som ein av deltakarane lukkast med tre gongar, som til dømes å score mål tre gongar i den same fotball- eller ishockeykampen.

Hat i dette uttrykket er hovudplagget hatt. Opphavet til uttrykket er ei hending i og etter ein cricketkamp i England i 1858.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Extended Oxford English Dictionary, 1999-utgåva, gjev denne forklaringa på uttrykket: «It came into use after HH Stephenson took three wickets in three balls for the all-England eleven against the twenty-two of Hallam at the Hyde Park ground, Sheffield in 1858. A collection was held for Stephenson (as was customary for outstanding feats by professionals) and he was presented with a cap or hat bought with the proceeds.»
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.