Cricket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein cricketkamp mellom India og Australia, spela i Sydney. Foto: David Morgan-Mar.

Cricket er ein lagsport for to lag, kvar med elleve spelarar. Sporten blir spela med ball og balltre, og målet er å få fleire poeng enn motstandaren. Kvart lag har ein eller to omgangar der laget er inne og slår etter ballen for å få poeng, medan utelaget freistar å få dei ut og unngå at innelaget får poeng. Spelet sluttar med ein gong eit lag har fleire poeng enn det andre, noko som gjer det vanskeleg å forklare resultatet. Andre årsaker til at sporten er ukjend i Noreg er lange kampar (landskampar, eller Test-kampar, blir spela over fem dagar), dei mange pausane, og den kompliserte terminologien som aldri har vore omsett ordentleg til norsk.

Cricket er likevel den mest populære sporten i dei fire landa på det indiske subkontinentet - India, Pakistan, Bangladesh og Sri Lanka, og pakistanske innvandrarar har teke med seg sporten til Noreg. I tillegg er sporten populær i England, Wales, Sør-Afrika, Australia, New Zealand, på dei karibiske øyane og i Zimbabwe, som alle stiller med landslag (med unnatak av Wales, som har landslag saman med England). Sporten er òg utbreidd i Kenya og i dei Sameinte arabiske emirata, men desse landa får ikkje lov til å spele offisielle fem-dagarslandskampar.

Gangen i spelet[endre | endre wikiteksten]

Ein cricketkamp blir delt opp i ein eller to omgangar per lag, avhengig av kor lang tid laga har til å spele kampen. Ein-dagskampar blir spela med ein omgang per lag, kampar med to omgangar per lag kan spelast over alt frå to til seks dagar.

Båe laga har ein kaptein utnemnd før kampen byrjar, og kapteinane slår kron og mynt om kven som skal velje kva lag som skal vere inne fyrst. Kapteinen som vinn myntkastet, avgjer så om han vil vere inne eller ute, og sender inn sine to fyrste slagmenn. Utelaget vel så ein bowlar til å bowle ballen mot slagmannen og spelet kan byrje.

Å bowle i cricket betyr at ein kastar ballen utan å rette ut olbogen medan ein kastar. Bowleren spring opp mot den eine enden av spelestripa, ei 20-meters stripe i midten av den langrunde bana, og bowlar ballen mot den andre enden av stripa, der den eine slagmannen står. Han prøver å unngå å bli ute ved at ballen treffer pinnane, at nokon tek pol, eller på andre måtar. Han vil òg, om det er råd, treffe ballen med balltreet og slå han ut av rekkjevidd for spelarane på utelaget, slik at han og den andre slagmannen kan krysse spelestripa og få poeng, eller slik at ballen kryssar sida på bana og gjev poeng.

Ein bowlar gjer seks lovlege kast på rad (ein "over" eller "runde", på norsk) før han må byte og gje ballen til ein annan bowlar, som kastar frå den andre enden av spelestripa. Domaren seier ifrå når bowlaren har kasta ein runde, og han må fullføre runden om han ikkje er skadd.

Slik held spelet fram. Når ein slagmann er ute, kjem ein ny slagmann frå innelaget inn på bana og erstattar han, til alle dei 11 innespelarane er bruka opp og berre ein spelar er att på bana. Det må alltid vere to slagmenn på bana, så når den tiende spelaren er ute, er omgangen over. Laga byter så plass, og så held spelet fram på same måte.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Spelet er over når det eine laget har fått fleire poeng enn det andre laget kan få. Dette skjer på ulike måtar i to-omgangs- og ein-omgangs-cricket.

To-omgangscricket[endre | endre wikiteksten]

  • Eit innelag kan vinne når den totale poengsummen deira passerer den totale poengsummen til utelaget etter to ferdige omgangar. Dei har då vunne med n wickets (norsk omsetjing: mann), der n er talet på slagmenn utelaget måtte få ut for at omgangen til innelaget skulle vere ferdig.
  • Utelaget kan vinne ved å ta ut alle slagmennene på innelaget og avslutte omgangen til innelaget før innelaget har nådd poengsummen deira etter to omgangar. Utelaget har då vunne med n poeng, der n er skilnaden mellom poengsummane til utelaget og innelaget. Klarar ikkje innelaget etter to omgangar å slå utelaget sin poengsum etter ein, har utelaget vunne med ein omgang og n poeng.
  • Ein kamp kan ende uavgjort, dette skjer dersom ingen av laga klarer å vinne (på måtane skildra ovanfor) før den på førehand fastsette tida for kampen er over.
  • Ein kamp kan òg ende remis (eng. tie) - men det skjer sjeldan. For at ein kamp skal ende remis, må båe laga ha fått like mange poeng til saman etter to ferdige omgangar. Ein omgang kan aldri bli "ferdig" på grunn av at tida går ut, så ein kamp der båe laga har same talet på poeng men der innelaget har fleire mann igjen, er uavgjort, ikkje remis.

For å unngå eit uavgjort resultat, kan kvart lag kva tid som helst stoppe å vere inne (erklære omgangen ferdig) for å gje seg sjølv sjansen til å få det andre laget ut for mindre enn dei sjølve har scora og vinne kampen.

Ein-omgangscricket[endre | endre wikiteksten]

I ein-omgangscricket er båe laga sine omgangar avgrensa til eit bestemt tal på rundar (s.d.). I landskamper er dette talet stort sett 50. Innelaget i fyrste omgang er altså inne til 50 rundar er over eller til omgangen deira er ferdig ved at ti mann er ute. Utelaget kjem så inn, og prøver så å få fleire løp enn motstandarane. Viss dei klarar det på sine 50 rundar, har dei vunne kampen med så mange mann som dei har att, som skildra over. Viss dei ikkje klarer det på 50 rundar, eller omgangen er over på annan måte, vinn motstandarane med skilnaden mellom de to laga sine poengsummar.

Bane[endre | endre wikiteksten]

Planskisse av ei cricketbane.

Ei cricketbane er rund eller elliptisk, avhengig av korleis banemennene vil ha ho. I midten av bana er ei rektangulær spelestripe der springinga og kastinga skjer, som skildra ovanfor. Det er gjerne to sirklar rundt spelestripa - den eine sirkelen markerer grensa mellom indre og ytre bane, noko som har lite å seie om ein ikkje spelar einomgangscricket, men som kan hjelpe til med å skildre kor ballen endar opp. Den ytste sirkelen markerer sidene på bana. Slår ein ballen over denne sida, kan innelaget score poeng for eit sideslag.

På spelestripa står det to sett med tre pinnar, 20 meter frå kvarandre. Desse pinnane blir kalla for wicket på engelsk eller gjerde på norsk. Oppå pinnane ligg det to brikker, og viss desse brikkene fell av, kan det hende at slagmannen er ute (s.d.). Slagmannen står stort sett rett framfor gjerdet før ballen blir bowla, for å hindre at brikkene fell ned.

På spelestripa er det òg nokre linjer - dei formar eit rektangel som bowlaren må stå innanfor når han bowlar ballen. Gjer han ikkje det, blir det poeng til motstandaren og eit "ikkje-kast", slik at bowlaren må bowle på nytt, og dette kastet blir ikkje talt som eitt av seks i ein runde.

Poeng[endre | endre wikiteksten]

Innelaget scorar eitt poeng for kvar gong dei to slagmennene kryssar spelestripa. Båe slagmennene må ha balltreet sitt innanfor lina på sida si før eit poeng kan bli scora. I teorien kan eit lag score uendeleg mange poeng på denne måten - til dømes viss ballen set seg fast i eit tre innanfor bana.

Kryssar ballen sidelina, gjev det fire poeng viss ballen har vore nedi bakken før han kryssar sidelina. Viss ballen flyg over sidelina utan å vere nedi bakken, gjev det seks poeng. Alle poeng som slagmennene måtte få ved å løpe, tel ikkje viss ballen kryssar sidelina.

Poenga for løp og sideslag blir alltid godskrivne "poengkontoen" til slagmannen viss ballen har treft balltreet fyrst. Talet på poeng ein slagmann har slege på ein omgang blir notert på resultattavla. I tillegg til desse kjem ekstrapoeng.

Ekstrapoeng[endre | endre wikiteksten]

Ekstrapoeng blir ikkje kreditert nokon slagmann, men går i rada for "ekstrapoeng" på resultattavla, og tel på laget sin totale poengsum. Det er fire ulike måtar å score ekstrapoeng på.

  • Bye (uttala bai) - når slagmannen ikkje klarer å treffe ballen med balltreet, men likevel spring fordi han ser at det er råd å gjere eit løp utan at pinnane hans blir trefte. Viss ballen endar opp over sidelina, blir det fire byes.
  • Leg-bye (uttala leg-bai) - ballen treffer kroppen til slagmannen, men ikkje balltreet, og slagmennene spring for å score poeng. Igjen kan det bli fire leg-byes viss ballen kryssar sidelina.
  • Breitt kast - eit wide på engelsk. Dette skjer når domaren meiner at slagmannen ikkje kan treffe ballen med balltreet.
  • Ikkje-kast - ein no-ball på engelsk. Bowlaren gjer noko gale medan han bowlar ballen - han står for langt fram, eller han kastar ballen i staden for å bowle, eller noko liknande.

Slagmannen ute[endre | endre wikiteksten]

Slagmannen slår til han er ute. Dette skjer på mange ulike måtar, dei er:

  • Pol (eng. caught) - ein spelar på utelaget tek pol, altså fangar ballen i lufta utan at han sprett i bakken, etter at ballen har treft slagmannens balltre eller hanske.
  • Slått (eng. bowled) - ballen treffer gjerdet på slagmannssida, og slår ned ein eller fleire av brikkene som ligg oppå gjerdet, utan å treffe ein annan spelar (med unnatak av slagmannen) på vegen til gjerdet.
  • Kropp før gjerde (eng. leg before wicket) - om ballen treffer ein del av slagmannskroppen (balltreet tel ikkje som ein del av kroppen) før han treffer balltreet, og ballen ville ha treft gjerdet om han heldt fram på same bana.
  • Løpt ut (eng. run out) - når ein av spelarane på utelaget klarar å treffe gjerdet med ballen medan slagmannen spring for å score poeng, og ein eller fleire brikker dett ned frå gjerdet. Viss slagmannen har nokon del av kroppen eller balltreet innanfor "slagmannslina" (ein meter framfor gjerdet), er han ikkje sprungen ut.
  • Stumped - i prinsippet same som å vere sprungen ut, men det blir gjort av gjerdevakta (mann som står bak stolpane og tek imot ballen frå bowlaren viss slagmannen ikkje treffer ballen). Ein kan vere stumped sjølv om ein ikkje prøver å løpe - det viktigaste er at ein er utanfor slagmannslina.
  • Hit wicket - om slagmannen ved eit uhell slår til gjerdet med kroppen eller balltreet, slik at brikkene dett ned. Skjer sjeldan.
  • Hands (eng. handled the ball) - om slagmannen er borti ballen med ei hand som ikkje samstundes er borti balltreet. Skjer veldig sjeldan.
  • Slå ballen to gonger (eng. hit the ball twice) - om slagmannen, med vilje, slår ballen to gonger - dersom han ikkje skal hindre gjerdet i å falle. Skjer veldig sjeldan.
  • Obstruksjon (eng. obstructing the field) - om slagmannen hindrar ein utespelar i å ta tak i ballen. Skjer veldig sjeldan.
  • Ute på tid (eng. timed out) - om slagmannen brukar over tre minutt (halvtanna minutt i Twenty20-kampar, 20-rundars kampar i England, Sør-Afrika og Sri Lanka, s.d.) på å kome seg til spelestripa og byrje spelet.

Ein slagmann kan òg, på kva som helst tidspunkt, forlate spelet (eng. retire) - men han kan då ikkje kome attende og spele. Er han skadd, kan han skrivast opp som forlaten, skadd (eng. retired hurt), og han kan då kome attende på bana om han kjenner seg i stand til det.

Ein slagmann kan ikkje vere ute gjennom pol, slått, kropp før gjerde, stumped eller hit wicket viss bowlaren har kasta eit ikkje-kast. Han kan heller ikkje vere ute gjennom slått, kropp før gjerde eller slå ballen to gonger viss bowlaren har kasta eit breitt kast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Former av cricket har vore spela heilt sidan 1100-talet. Namnet kjem kanskje av det flamske ordet for pinne, krick, eller eit fransk ord for ein type kølle, criquet, som kanskje også har gjeve opphav til ordet krokket.

Cricket voks sakte i popularitet, spesielt gjennom veddemål. Engelske grevskap byrja å spele kampar mot kvarandre, den fyrste registrerte er i 1744 mellom Kent og Hampshire. Den fyrste landskampen blei spela i 1844 mellom USA og Canada i New Jersey, og i 1877 spela England sin fyrste landskamp mot Australia. Spelet var særs populært i dei britiske koloniane på slutten av 1800-talet, og landskamper (i to-omgangsforma) blei etter kvart sett fast. England og Australia har til dømes spela om Ashes-urna (ei urne som inneheld oska av eit gjerde som blei brent til minne om Englands fyrste tap mot Australia på heimebane) sidan 1882.

Cricket hadde sin store æra i mellomkrigstida, då mange av dei beste spelarane - t.d. Donald Bradman og Len Hutton - spela, og landskampane blei sett på som storhendingar. Klubben med landslag blei òg utvida frå tre (England, Australia og Sør-Afrika) til seks (inkludert dei karibiske øyane, New Zealand og India) i denne perioden, og nye taktikkar - t.d. Bodyline, ein taktikk som gjekk ut på å bowle harde, snøgge ballar mot slagmannen, slik at han skulle bli skremt inn til å gje utespelarane sjansar til å ta pol.

Etter den andre verdskrigen gjekk interessa for spelet noko ned, mykje på grunn av kjedelege, uavgjort-skapande taktikkar. Det internasjonale cricketrådet (ICC) avgjorde å freiste med ein-omgangscricket, som kunne vere over på ein dag. Dette blei likevel ikkje nokon stor suksess før den australske TV-guruen Kerry Packer tok tak i formatet. Han fekk spelarane til å kle seg i farga landslagsdrakter (tidlegare hadde alle spela i kvitt), han innførte òg flaumlys på kampane i si World Series turnering, og han byrja å løne spelarane betre for prestasjonane på bana.

Dette hjelpte på populariteten, ikkje berre i India og Pakistan der spelet alltid hadde vore stort, men òg i land som England og Australia. Dei store stjernene for Karibia på midten av 1980-talet, dei snøgge kastarane Malcolm Marshall, Joel Garner og Michael Holding, mellom anna, medverka til å marknadsføre spelet der.

Spelet held fram med å fornye seg, med nye reglar for korleis ballen skal kastast, innbytarreglar i ein-omgangscricket, og andre nyvinningar for å fylgje med i tida. I 2005 er spelet populært i alle landa på det indiske subkontinentet, Englands suksess i femdagarslandskampar har gjort at folk i England òg er interessert, og i Australia - som har det beste landslaget i verda for tida - er det ein av fire store tilskodaridrettar.

Landskampar[endre | endre wikiteksten]

Det har vore landskampar i cricket sidan 1844, då USA spela mot Canada. Den kampen blei aldri godteken som offisiell, og den fyrste offisielle to-omgangskampen blei spela i mars 1877 mellom England og Australia i Melbourne. Offisielle to-omgangskampar blir kalla "Test-kampar" (Test matches), og under dei 131 åra til utgangen av 2008 har laga spela i alt 1 903 Test-kampar. Landslag drog oftast på turnéar til andre land for å spele landskampar, med fleire landskampar på ein turné, i tillegg til kampar mot regionslag. Ofte arrangerer ein "seriar" med kampar mellom to lag, og det viktigaste er å vinne serien - t.d. Ashes mellom England og Australia, som oftast går over fem Test-kampar, og den som vinn flest kampar tek trofeet. Dette systemet har dei halde på i Test-kampar til i dag, noko som gjer at det er vanskeleg å kåre det beste Test-laget - ein held ikkje VM i Test cricket, som ein har i mange andre idrettar.

Det dei har er eit meisterskap som mest kan samanliknast med FIFA-rankinga i fotball - alle resultata sidan august fire år før tel, og gode resultat mot dei beste laga gjev fleire poeng enn gode resultat mot dei dårlegaste laga. Dette systemet har likevel gjeve nokre merkelege resultat - mellom anna var Sør-Afrika "meister" ifylgje denne rangeringa mellom januar og mai 2003, sjølv om dei hadde tapt fem av seks kampar mot Australia berre eit år før, og Sør-Afrikas eine siger kom når kampserien allereie var avgjort.

Etter dette vart systemet endra, og Australia har vore meister sidan. Australia tapte berre ein serie mellom 2003 og september 2008, borte mot England i 2005, noko de retta opp med fem sigrar av fem moglege under heimeserien 18 månader seinare. Hausten 2008 tapte Australia borte for India, og deretter heime mot Sør-Afrika, slik at deira status som verdsmeister var truga. Berre nokre få månader seinare vann laget to av tre kampar under serien i Sør-Afrika, og dimed held dei framleis fyrsteplassen. Det er og sett opp ein landskampplan mellom dei ti laga som får lov til å spele Test-cricket - Australia, New Zealand, India, Pakistan, Sri Lanka, Bangladesh, Sør-Afrika, Zimbabwe, England og Karibien.

VM i ein-omgangscricket har blitt arrangert sidan 1971, og Australia har vunne flest gonger, med fire - 1987, 1999, 2003 og 2007. Karibia vann dei fyrste to meisterskapane, medan India, Pakistan og Sri Lanka har vunne ein meisterskap kvar. Landslaga kvalifiserer seg for VM gjennom kvalifiseringsturneringar, ofte arrangert på nøytral bane, men dei ti Test-laga er direkte kvalifisert for VM. Kenya var òg kvalifisert for 2007, medan Bermuda, Canada, Irland, Nederland og Skottland kom med etter kvalifisering. I 2011 kutta ein ned til 14 lag, og Bermuda og Skottland blei slegne ut i kvalifiseringa.

Ellers blir seriar i ein-omgangscricket spela på same måte som i Test-cricket, anten før eller etter Test-kampane blir spela. Sør-Afrika leiar for tida verdsrangeringa, rett føre Australia og India. Ein landskamp mellom, til dømes, Noreg og Sverige vil ikkje få offisiell status som landskamp - pr. 2009 har 16 lag landskampstatus: dei ti Test-laga, dei fire laga som kvalifiserte seg for VM 2011, og femte- og sjettelaget i kvalifiseringa, Afghanistan og Skottland. Ein kamp sin status blir til sjuande og sist bestemt av ICC, som styrer over internasjonal cricket.

Innanlands kampar[endre | endre wikiteksten]

Alle dei ti Test-laga har ein innanlands serie med to-omgangskampar - sjølv om Bangladesh berre har hatt det i nokre få år. Stort sett er det regionlag - som representerer eit fylke - som spelar i desse seriane, med unnatak av Pakistan, der lag ofte blir sponsa av private firma (men her har dei òg regionlag), og Sri Lanka, der dei har ein serie med klubbar som i fotball. Dei kvalitativt beste seriane er Australias Pura Cup, Sør-Afrikas SuperSport Series og Englands County Championship.

Ein-omgangscricket har mykje større popularitet, sidan det er lettare å spele som amatør (ein treng ikkje ta fri frå arbeidet for å spele ein kamp som berre varar i ein dag). Difor er det ein-omgangsserie i nesten alle landa som er medlem av ICC - inkludert Noreg. Ein-omgangsseriar i Test-landa er òg ganske populære, med tilskodartal rundt 5 000, sjølv om klubbane i England har sett seg nøydde til å introdusere ein ny turnering med 20-rundars-kampar (Twenty20 Cup) som har gjeve store inntekter. I 2003 introduserte ein dette formatet, og det har sidan blitt eksportert til Sør-Afrika, Sri Lanka og Pakistan.

Cricket i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Cricket har vore spela i Noreg sidan 1970-talet, då innvandringa frå Pakistan skaut fart. Noreg melde seg likevel ikkje inn i ICC før i 2000, og dei spela ei turnering i Austerrike to månader etter, som dei vann. Noregs landslag vann faktisk 16 kampar på rad, før dei tapte for Italia i B-EM i Belgia i 2004. Det blir spela ein serie med 40-rundars-kampar i Oslo-området, med lag frå Drammen til Nordstrand, og det finst tre baner - ei på Ekeberg, ei på Stovner og ei i Drammen. Mohammad Zeeshan Ali som gjorde to omgangar over 100 og tok ut 16 mann med ballen i C-EM i Austerrike i 2003, og difor kan seiast å vere ein "all-rounder", og kastaren Majid Zia Butt, som tok tre mann for 11 poeng imot då Noreg slo Israel med 149 poeng i B-EM.

Referansar[endre | endre wikiteksten]