Haulbowline
Haulbowline (irsk: Inis Sionnach) er ei øy i Cork Harbour utafor kysten av Irland.
[endre] Historie
Øya har ein strategisk posisjon utafor Cork på djup vatn og har lenge vorte nytta som ein militærbase. Det vart bygd festningsverk på øya i 1602, som var ein viktig base for den britiske hæren. Seinare flytta den britiske hæren til den nærliggande Spike Island, og festningsverka gjekk over til den britiske marinen. Marinen oppretta eit stort arsenal på øya og eit skipsverft vart bygd under Napoleonskrigane.
I motsetnad til andre festningsverk i Cork Harbour, som var ein del av traktathamnene, vart skipsverftet gjeve til Den irske fristaten i 1923.
Haulbowline husar i dag hovudkvartert til den irske marinen.
Irsk Stål var tidlegare plassert på øya, men fabrikken la ned i 2002. Mykje radioaktiv forureining vart verande igjen i jorda etter at stålproduksjonen vart lagt ned.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Haulbowline frå Engelsk Wikipedia .