Haus im Ennstal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haus im Ennstal

Haus im Ennstal er ein kommune i distriktet Liezen i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 82,5 km² med i kring 2 400 ibuarar i 2013. Haus im Ennstal omfattar åtte landsbyar og grender, med Haus og Weißenbach som dei mest folkerike. Landsbyen Haus ligg 774 meter over havet.

Turisme er viktigaste næringsgreina i Haus im Ennstal; 70% om vinteren og 30% om sommaren. Elles finst det ein del små og mellomstore handverksbedrifter, samt ein del landbruk og skogsdrift.

VM i alpine greiner 1982 vart avvikla i Haus im Ennstal, og staden har sidan arrangert renn i verdscupen i alpine greiner. Skirennaren Helmut Höflehner er frå grenda Gumpenberg i Haus im Ennstal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]