Healing Hands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Healing Hands
Singel av Elton John
frå albumet Sleeping with the Past
B-side «Dancing in the End Zone»
Utgjeve 1989
Sjanger Pop
Lengd 4:21
Selskap Rocket Records
MCA Records (US/Canada)
Låtskrivar(ar) Elton John
Bernie Taupin
Produsent Chris Thomas
Elton John-kronologi
«Town of Plenty»
(1988)
Healing Hands «Sacrifice»
(1989)

«Healing Hands» er ein song av den britiske popsongaren Elton John, skriven av Elton John og Bernie Taupin. Songen vart gjeven ut på albumet Sleeping with the Past i 1989 og var den første singelen frå albumet, på seinsommaren 1989. Songen gjekk inn på Topp 20 i USA. Sidan vart songen gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «Sacrifice», og vart den første singelen Elton John fekk på toppen av singellista i Storbritannia. Songen var inspirert av Four Tops-songen «Reach Out, I'll Be There».

«Healing Hands» gjorde det forholdsvis bra i USA, og nådde 13. plass på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Adult Contemporary-lista i oktober 1989. Songen nådde første gongen ikkje Topp 40 i Storbritannia, og det gjorde heller ikkje den første utgjevinga av oppfølgjaren «Sacrifice». Etter at BBC Radio One byrja å spele «Sacrifice» vart songen gjeven ut på nytt i heimlandet med «Healing Hands» på andre sida. Den doble A-sida toppa lista i Storbritannia i fem veker i strekk, og vart den første førsteplassen hans i heimlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]