Hefnerlampe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hefnerlampe eller på tysk Hefnerkerze.

Hefnerlampe er ein lampe der isoamylacetat frå ein bomullsveike i eit 8 mm tjukt nysølvrøyr brenn med ein 40 mm høg flamme. Lysstyrken frå ein slik lampe i horisontal retning blir kalla eit hefnerlys og vart tidlegare brukt som eining for lysstyrke. Lampa vart konstruert av den tyske teknikaren Friedrich von Hefner-Alteneck (1845–1904).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]