Nysølv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nysølv er ei legering av kopar, sink og nikkel med høg motstandskraft mot korrosjon, og som av utsjånad kan likne på sølv. Legeringa vert bruka som myntmetall, i bestikk og smykke. Nysølv vert også kalla alpakka eller tysk sølv.

I norske tikroner og tjuekroner vert det bruka nysølv med 81 % kopar, 10 % sink og 9 % nikkel.[1]

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Nysølv har ein sølvkvit glans, avhengig av samansettinga. Legeringa kan ha 45–70 % kopar, 5–30 % nikkel og 8 - 45 sink, eventuelt tilsett små mengder bly, tinn eller jern.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Noregs bank