Heinrich von Brentano di Tremezzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich von Brentano (1956)

Dr. jur. Heinrich von Brentano di Tremezzo (fødd 6. juni 1904 i Offenbach, døydde 14. november 1964 i Darmstadt) var ein tysk konservativ politikar (CDU) og advokat. Han høyrde til skiparane av CDU i Hessen og var medlem av det tyske parlamentet frå 1949. Han var her parlamentarisk leiar for CDU/CSU-fraksjonen. Han var òg medlem av Europarådets parlamentariske forsamling (som visepresident) og av Europaparlamentet frå starten av. Dessuten var han medlem av landdagen i Hessen. Frå 1955 til 1961 var han tysk utanriksminister. Heinrich von Brentano di Tremezzo spelte ein stor rolle i skipinga av det europeiske økonomiske fellesskapet, forløparen til EU.

Han høyrde til ein familie av italiensk opphav som slo seg ned i Hessen på 1600-talet og vart anerkjend som hessisk adel. Familien inkluderte mellom anna diktaren Clemens von Brentano og var knytt til ein krets under den tyske romantikken som inkluderte personar som Goethe, Arnim og Savigny.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heinrich von Brentano di Tremezzo