Hellfire Club i Dublin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Montpelier Hill
Montpelier Hill - Hellfire Club på Montpelier Hill i Dublin
Hellfire Club på Montpelier Hill i Dublin
Høgd over havet 383 moh
Ligg i/på Dublin i Irland Republikken Irland
Fjellkjede Dublinfjella
Koordinatar 53°15′6.7″N 6°19′49.24″WKoordinatar: 53°15′6.7″N 6°19′49.24″W

Hellfire Club (irsk Club thine Ifrinn) er namnet på ruinane av ein bygning på toppen av åsen Montpelier i County Dublin i Republikken Irland. Det vart bygd rundt 1725 av William Conolly, talaren i Irish House of Commons, som kjøpte landet frå Philip Wharton, hertug av Wharton.[1] Ein meiner bygget vart bygd som ei jakthytte. Huset vart ein gong kalla «Mount Pelier», som er namnet på åsen huset står på i dag. Det opphavlege irske namnet på åsen er ukjend. Ein meiner at staden var møtestad for den irske Hellfire Club, og området har vore assosiert med satanisme, det overnaturlege og okkultisme.

Det står òg mange bautasteinar på åsen og tidlegare låg dei ei gravrøys her. Steinane frå steinrøysa vart nytta til bygginga av huset. Like etter huset vart bygd bles skifertaket av i kraftig vind. Ei populær soge er at det var djevelen som sette i stand dette som straff for at ein hadde øydelagd steinrøysa.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Weston St. John Joyce (1920) The Neighbourhood of Dublin – Dublin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]