Henri Fayol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henri Fayol

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 29. juli 1841
Istanbul
Død

19. november 1925 (84 år)
rue de Bellechasse

Yrke samfunnsøkonom, gründer, gruveingeniør, essayist
Språk fransk
Henri Fayol på Commons

Henri Fayol (29. juli 184119. november 1925) var ein fransk bedriftsleiar og er ein viktig bidragsytar til moderne leiingsteori.

Fayol nemner fem allmenngyldige prinsipp for leiing: (1) planlegging, (2) organisering, (3) leiing, (4) koordinering og (5) kontroll. Med kontroll meiner han at ein leiar må få tilbakemelding på ein prosess for å kunne gjere nødvendige justeringar.

Fayol vert framleis rekna som relevant innanfor leiingsteori. Teoriane hans vart publiserte i boka Administration industrielle et générale (Generell og industriell leiing) i 1916. Her legg Fayol fram den første generelle teorien om leiing og leiingsprinsipp.

Eit viktig konsept for Fayol var einskapleg leiing, som blant anna inneber at kvart individ i ein organisasjon berre skal måtte stå til ansvar overfor éin leiar.

Fleire forfattarar nemner Fayol saman med Frederick Winslow Taylor, men dei to hadde ulike teoretiske ståstader. Taylor sin scientific management tek for seg effektiv organisering av produksjonen i eit konkurransemiljø der bedrifta må kontrollere produksjonskostnadene. Dette var berre eitt av mange teoretiske område for Fayol, som også kritiserte Taylor sin modell fordi han kravde at arbeidarane vart utsett for styring frå inntil åtte ulike leiarar. Dette representerte eit brot med einskapleg leiing.