Istanbul
Istanbul (İstanbul) er den største byen i Tyrkia, med kring 17 millionar innbyggjarar i storbyområdet. Byen er delt i tre delar. Gamlebyen og den moderne europeiske delen ligg på kvar si side av Det Gylne Horn. Den asiatiske delen ligg på den andre sida av Bosporussundet. Såleis ligg byen både i Asia og Europa. Istanbul hadde tidlegare Konstantinopel som bynamn, men namnet vart offisielt endra i 1930. Mange omtalar framleis byen som Konstantinopel. Konstantinopel var hovudstad i det bysantinske riket, òg kalla Austromarriket. Byen vart gjort til hovudstad av keisar Konstantin I av Romarriket (Konstantin den store) i år 330. På staden låg den greske byen Byzantium (Bysants). Av vikingane vart byen kalla Miklagard. I 1453 vart byen erobra av tyrkarane. Erobringa markerer i ettertid slutten på det bysantinske riket. Byen vart hovudstad i Det osmanske riket.
I dag bur det flest muslimar her, men byen er òg sete for Den ortodokse kyrkja i Konstantinopel.
Innhaldsliste |
[endre] Etymologi
Namnet «Istanbul» kjem frå gresk «εις την Πόλιν» eller «στην Πόλη» [(i)stimboli(n)], som tyder 'til/i byen'.
[endre] Skildring av byen
I dag er Istanbul ein megaby med ein samanhengjande folkesetnad som strekkjer seg i eit 10-20 km breitt og 60-70 km langt belte langs nordkysten av Marmarahavet, med omtrent same utbreiing på kvar side av Bosporos. Busetnaden strekkjer seg òg nordover på båe sidene av Bosporos nesten til Svartehavet.
Det sentrale og historiske Istanbul omfattar Stambul mellom Marmarahavet og Det gylne horn (kommunen Fatih) og Galata og Pera (Beyoğlu) på nordsida av Det gylne horn. Til det historiske Istanbul kan ein òg rekne med byane Üsküdar og Kadıköy på den asiatiske sida.
[endre] Folkesetnad
I 2010 hadde Stor-Istanbul 13,3 millionar innbyggjarar, 65% bur i på den europeiske sida og 35% på den asiatiske. Det kjem heile tida innflyttarar frå andre delar av landet til Istanbul. Veksten er på over 3% kvart år, og han er over landssnittet.
I motsetnad til dei fleste byane i Vest-Europa er den minst velståande delen av folket busett i dei sentrale bydelane, medan folk i dei moderne forstadene etter måten er frå betre stilte sosiale grupper. Det finst likevel mange forstader der folk har låg snittsinntekt, som Gaziosmanpaşa, Esenler, Güngören, Ümraniye og Beykoz.
[endre] Kultur
I dag har Istanbul eit pulserande liv, og her møtest aust og vest. Eit kjent kulturminne er Hagia Sofia, som no er eit museum, men som før har vore kyrkje og moské. Frå den bysantiske tida finst mange andre kyrkjer som er godt haldne vedlike. Ein stor del av utviklinga av bysantinsk arkitektur og bysantinsk kunst har gått føre seg her. Dei fleste har vore eller er moskear. Byen har òg mange kjende moskear som er bygde etter erobringa åt tyrkarane. Mest kjent er Den blå moské (Sultanahmet Camii), som er dekt innvendig med tyrkiske fliser i fine mønster og som har seks minaretar.
Byen har vore sete for både keisarar og sultanar. Under arkeologiske utgravingar på 1930-talet oppdaga ein det som må ha vore keisarpalasset eller Det Store Palasset. Her er det eit unikt profant mosaikkgolv med pastorale sener og dyresener. Golvet har vore vanskeleg å tidfeste, men ein reknar med at det er laga ein eller annan gong på 600-talet.
Topkapıpalasset der sultanen budde og hadde haremet sitt er betre kjent.
Byen er òg kjent for den store basaren der ein kan kjøpe teppe, gull og det ein elles ynskjer seg.
[endre] Istanbul i litteraturen
Mange kjende personar har budd delar av sitt liv i Istanbul, m.a. Agatha Christie. Delar av filmen "Mordet på orientekspressen" vart filma på togstasjonen der.
Den mest kjende nolevande forfattaren i Tyrkia, Nobelprisvinnaren Orhan Pamuk, fødd i 1952, har skildra heimbyen sin Istanbul i fleire bøker. Gjennombrotsromanen "Lys og mørke" frå 1979 er forteljinga om tre generasjonar i ein rik familie som budde i det stroket i byen der Pamuk sjølv voks opp. Romanen kom i ny utgåve i 1982 under tittelen "Cerdet Bey og hans sønner". "Mitt navn er Karmosin" frå 2000, på norsk i 2003, gjorde han for alvor kjend for eit internasjonalt publikum. Handlinga er lagt til Istanbul vinteren 1591, i Sultan Murat IIIs regjeringstid. I 2006 kom den eigne, delvis selvbiografiske, forteljinga hans om byen, "Istanbul: byen og minnene".
[endre] Transport
Konstantinopel fekk tidleg eit godt utbygd nett med trikkeliner. Utover på 1900-talet vart nok trikken oversett, og kollektivtransporten gjekk meir og meir over på buss. Frå 1990-talet har aukande problem med trafikkavviklinga tvinga fram ei satsing på skjenegåande kollektivtransport, og Istanbul er i dag i ferd med å byggje opp eit moderne nett av metro-, light rail- og trikkeliner.
Båt har til alle tider vore eit viktig transportmiddel mellom dei ymse bydelane og mellom Istanbul og grannebyane. To vegbruer over Bosporos har redusert båttrafikkmengda, og han er venta å gå ytterlegare ned når den nye togtunnelen under Bosporos, Marmaray, opnar 18. juni 2015. I 2011 vart det vedteke å byggje ei tredje bru som vil vere ein del av ein 414 km ny motorveg som skal gå frå Tekirdağ i vest til Adapazarı i aust. Brua skal òg få jarnbaneskjener. Det skal òg bli bygd ei bru aust for byen der İznik-bukta er på det smalaste. Ho vil bli den nest lengste hengebrua i verda med eit hovudspenn 1700 meter. Totallengda vil bli 3000 meter og brua skal stå ferdig i 2017.
[endre] Administrasjon
Administrasjonen er bygd på to nivå. Det øvste nivået er ein storbykommune - Istanbul Büyükşehir Belediyesi (IBB) - som dekkjer eit område på 1830 km² mellom Marmarahavet og Svartehavet i ei breidd på ca. 30 km på kvar side av Bosporos. Under storbykommunen er det 27 distriktskommunar. Det er direkte val til kommunestyra kvart femte år. 1/5 av representantane i distriktskommunestyra tek sete i rådet i storbykommunen, som er det høgaste organet i denne storkommunen. Ein eksekutivkomité tek hand om den daglege styringa av storkommunen.
Borgarmeistaren i storkommunen har etter 2004 vore Kadir Topbaş frå partiet AKP.
[endre] Distriktskommunar
|
Europeisk del |
Asiatisk del |
[endre] Bakgrunnsstoff
- Istanbul cityguide
- Virtual Istanbul
- Bysantinske monument
- Bilete frå Det Store palasset
- Bilete frå Hagia Sophia
- Lonely Planet Istanbul
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Istanbul» frå Wikipedia på bokmål, den 22. januar 2012.
|
|
|
|---|---|
| Aten (1985) · Firenze (1986) · Amsterdam (1987) · Vest-Berlin (1988) · Paris (1989) · Glasgow (1990) · Dublin (1991) · Madrid (1992) · Antwerpen (1993) · Lisboa (1994) · Luxembourg (1995) · København (1996) · Thessaloníki (1997) · Stockholm (1998) · Weimar (1999) · Avignon, Bergen, Bologna, Brussel, Helsingfors, Kraków, Reykjavík, Praha og Santiago de Compostela (2000) · Porto og Rotterdam (2001) · Brugge og Salamanca (2002) · Graz (2003) · Genova og Lille (2004) · Cork (2005) · Pátra (2006) · Luxembourg og Sibiu (2007) · Liverpool og Stavanger/Sandnes (2008) · Vilnius (2009) · Essen, Pécs og Istanbul (2010) · Åbo og Tallinn (2011) |