Henrik I av Sachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik I av Sachsen

Føddca. 876
FødestadMemleben
Død2. juli 936
DødsstadMemleben
GravstadQuedlinburg kloster
Gift medMatilda av Ringelheim, Hatheburg of Merseburg
DynastiDet ottonianske dynastiet
FarOtto I av Sachsen
MorHedwig av Babenberg
BornHedvig av Sachsen, Otto I av Det tysk-romerske riket, Gerberga av Sachsen, Henrik I av Bayern, Brun, Thankmar

Henrik I av Sachsen (8762. juli 936), òg kalla Henrik fuglefangaren (tysk Heinrich der Finkler eller Heinrich der Vogler), var konge av Austfrankarriket i perioden 919–936. Enkelte kjelder omtalar han som keisar, sjølv om det tradisjonelt er sonen hans, keisar Otto I, som vert rekna som byrjinga på den tysk-romerske keisarrekkja. Henrik fuglfangaren vert rekna som den første kongen av Austfrankarriket og stamfar til «det ottonianske dynastiet», med namn etter sonen hans. Alternativt vert Otto I rekna som grunnlegjaren av dynastiet Sachsen. Forløparen til Henrik, Konrad I av Thüringen, var den første kongen av Austfrankarriket som ikkje tilhøyrde karolingarane.

Henrik I avbilda i den anonyme krøniken for keisar Henrik V, ca. 1112/14 (Corpus Christi, Cambridge, Ms 373, fol. 40r).

Henrik var gift med Matilda av Ringelheim, som var dotter av hertug Teodebert av Westfalen.

Barn[endre | endre wikiteksten]

  • Keisar Otto I, fødd 912, død 973
  • Gerberga av Sachsen, fødd 913, død 5. mai 984, gift med hertug Gilbert av Lorraine, deretter Ludvig IV av Frankrike
  • Henrik I av Bayern, fødd 919, død 955
  • Hedvig av Sachsen, fødd 922, gift med Hugo den store, hertug av Franken og dei var foreldre til Hugo Capet
  • Bruno den store, erkebiskop og kurfyrste av Köln, fødd 925, død 965

Kjelder[endre | endre wikiteksten]