Otto I av Det tysk-romerske riket
| Otto den store | |
| Tysk | Otto I., Otto der Große |
|---|---|
| Fødd | 927 |
| Fødestad | Wallhausen i Sachsen-Anhalt |
| Død | 7. mai 973 |
| Dødsstad | Memleben i Sachsen-Anhalt |
Otto I eller Otto den store (912–7. mai 973) var den første tysk-romerske keisaren etter gjenopprettinga av det tysk-romerske riket i 962.
Frå 936 var Otto I tysk (austfrankisk) konge og frå 951 konge av Italia. Han vart utnemnt til tysk-romersk keisar i 962, eit rike som offisielt bestod fram til 1806. I forsøka sine på å kristne Norden og dei slaviske folka, sende han ut mange misjonærar til område som seinare vart nasjonane Polen og Tsjekkia (tidlegare kjend som Bøhmen). Misjonen førde til at desse folka vart katolske og ikkje ortodokse slik som resten av dei slaviske folka. Otto vert også kalla «Europas befriar» etter å ha stått imot ungarske åtak, særleg ved Lechfeldslaget i 955.
Otto I var son av Henrik I Fuglefangaren og den andre kona hans, Mathilda den heilage av Sachsen. Han var gift med Eadgyth eller Edith av England (død 946) og Adelheid av Burgund (død 999). Han hadde følgjande born:
- Ludolf
- Liutgard, gift med Konrad den raude av Lothringen
- Mathilda, abbedisse av Quedlinburg
- Otto II
| Føregjengar Henrik I fuglefangeren |
Konge av Tyskland 936–961 |
Etterfylgjar Otto II |
| Føregjengar Berengar av Ivrea |
Konge av Italia 951–961 |
Etterfylgjar Otto II |
| Føregjengar Ingen Førre som heldt tittelen Berengar av Friuli |
Tysk-romersk keisar 962–973 |
Etterfylgjar Otto II |
Bakgrunnsstoff [endre]