Henrik Kauffmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henrik Kauffmann (26. august 18885. juni 1963) var Danmarks ambassadør i Washington i 1941. 9. april 1941 skreiv han "på kongens vegne", og med tilslutning frå landsfogedane i Grønland under på ein avtale med USA om forsvaret av Grønland. Avtalen gav USA rett til å bygge militære anlegg i den dåverande danske kolonien. Den danske regjeringa protesterta mot avtalen, gav Kauffmann avskjed og sikta han for landsforræderi. Dei danske generalkonsulane i USA erklærta seg likevel solidariske med Kauffmann, og dei vart dermed også sagt opp.

Henrik Kauffmann vart rehabilitert straks etter frigjeringa av Danmark i mai 1945, og han var minister utan portefølje i Befrielsesregeringen frå 12. mai 1945 til 7. november 1945.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.