Henry Briggs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henry Briggs (fødd i februar 1561, død 27. januar 1630) var ein engelsk matematikar.

Han var lærar i Cambridge og London, fram til han i 1619 vart professor i geometri i Oxford. Briggs var den første som innsåg fordelen med eit logaritmesystem med grunntalet 10, og etter konferansar med John Napier, som fann opp logaritmen, føretok han utførlege utrekningar av slike briggske logaritmar, som dei stundom vert kalla til ære for han. Ein mindre tabell kom ut i 1617, medan hans Arithmetica logarithmica, som kom ut i 1624, inneheld logaritmane med 14 desimalar. Seinare rekna han òg ut logaritmane til dei trigonometriske funksjonane med stor nøysemd i Trigonometria Britannica frå 1633. Briggs medverka til utviklinga av metodar for numerisk rekning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]