Halifax i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Halifax

Halifax frå Beacon Hill
Halifax frå Beacon Hill
Plassering
Halifax ()
Halifax
Halifax
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap West Yorkshire
Distrikt Calderdale
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

81 858
Koordinatar 53°43′30″N 1°51′47″WKoordinatar: 53°43′30″N 1°51′47″W
Diverse annan informasjon
Postnummer HX1-7
Telefon-retningsnummer 01422
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Halifax i England

Halifax er ein by i West Yorkshire i det nordlege England. Han voks fram som eit sentrum for ullproduksjon frå 1400-talet. Byen er administrasjonssenter for den sameinte styresmakta Calderdale.

Namnet blir sagt å vere ei forvansking av det gammalengelske ordet for holy (heilagt) og face (andlet), ein referanse til ei segn om at Johannes Døyparen vart gravlagt der. Legenda oppstod i mellomalderen, og vart så viktig for byen av byvåpenet har eit bilete av helgenen. Soknekyrkja, som vart reist på 1100-talet, er vigd til Johannes Døyparen.

Halifax Piece Hall var ein marknadshall der stykke av ullstoff vart selt. Han opna 1. januar 1779, og var berre open to timar i veka, på laurdag morgon. I den korte perioden var det hektisk aktivitet i dei 315 romma som vart leidd av handelsmenn. Etter mekaniseringa av ullindustrien vart hallen omgjort til ein offentleg marknad. Denne er framleis i bruk. Tidlegare låg Calderdale industrimuseum i hallen, men det har vorte nedlagt.

Rådhuset vart bygd i 1863 av Charles Barry, som òg stod bak den moderne utforminga av Parlamentsbygningane i London. Wainhouse Tower frå 1871 er ei underleg fabrikkpipe, bygd som ein kuriositet for ein tøyfargefabrikk som aldri vart teke i bruk. Han har ein indre vindeltrapp som fører opp til ein observasjonsplattform med utsikt over byen.

Halifax var frykta for Halifax gibbet, ein tidleg form for giljotin som vart brukt til å halshogge forbrytarar. Han vart sist brukt i 1650, og er altså langt eldre enn den meir kjende franske halshoggingsmaskinen. Ein kopi har vorte sett opp i Gibbet Street, der originalen ein gong stod. Rettsvesenet i Halifax var kjent for å vere spesielt strengt, og den korte bønna som blir kalla Tiggerlitaniet lydar: «From Hull, Hell and Halifax, Good Lord deliver us!» («Fri oss, Herre, frå Hull, helvete og Halifax»).

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Halifax i England