Herman Günther Grassmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Herman Günther Grassmann (15. april 180926. september 1877) var ein tysk matematikar og språkforskar og var ein av grunnleggarane av vektor- og tensoranalysen.

Det matematiske hovudverket hans, Die Ausdehnungslehre, kom ut i 1844, og seinare i fleire utbetra utgåver. Framstillinga var derimot tung, og teoriane hans vakte liten interesse blant matematikarane medan han levde. Dei samla matematiske verka hans kom ut i tre bind frå 1894 til 1911. Hovudverket hans innan indologien var Wörterbuch zum Rig-Veda frå 1873. Grassmann oppdaga reglane for dissimilasjon av aspirerte konsonantar i indisk og gresk, kalla Grassmannlova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]