Herman Major Schirmer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herman Major Schirmer (20. juni 1845–11. april 1913) var norsk arkitekt, fødd og død i Christiania.[1]Han var son av Heinrich Ernst Schirmer og bror til Adolf Schirmer.[1]
Frå 1872 var han overlærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og sentral i oppbygginga av ein norsk arkitektur. 15. november 1912 vart han utnemnd til Noregs første riksantikvar.[1]
Schirmer var ikkje produktiv som arkitekt. Mellom bygningar han stod bak, er Heftyevillaen på Frognerseteren, Hotell Royal og Eventyrgården, alle i Christiania. Han har også teikna Bergens Kreditbank.[1]
Referansar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Schirmers stavkyrkjeteikningar digitalisert - Riksantikvaren