Hjartepose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hjarteposen (latin pericardium, frå gresk peri omkring og kardia hjarte) er ein dobbeltvegga pose av serøse hinnar som omsluttar hjartet. Det ytre bladet blir kalla det parietale, den inste det viscerale. Mellom desse blada er det litt væske. Denne posen syter for at hjartet kan endre form utan friksjon mot omgjevnadane. Er det betennelser i hjarteposen (perikarditt), vil ein kunne få gnidningslydar og smertar. Væskeansamlingar (eksudat) i hjarteposen kan gje tamponade av hjartet, den kan ikkje lengre røre seg fullt ut.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.