Hjelmeland Mållag
Hjelmeland Mållag er lokallaget til Noregs Mållag i Hjelmeland kommune, og laget soknar til fylkesmållaget Rogaland Mållag. Laget, slik det er no, vart stifta i 1970. Det har tidlegare vore andre mållag i kommunen, mellom anna Årdal Mållag.
Hjelmeland Mållag kallar seg sjølv "ein ideell kultur- og språkorganisasjon med hovudsete i Hjelmeland kommune". Mellom årsmøta er det eit styre på fem personar som syter for den daglege drifta av laget. Leiaren fungerer elles som representant for mållaget.
Mållaget har til ei kvar tid kring 50 medlemmer.
Styret
[endre | endre wikiteksten]Styret for 2011 er:
- Morten Hetland (leiar)
- Gunnvor Eggebø Næss (styremedlem)
- Per Myklatun (styremedlem)
- Helge Bendiksen (styremedlem)
- Ola Dale (styremedlem)
- Arne Kleppa (1. varastyremedlem)
- Oddrun Tjeltveit (2. varastyremedlem)
Målprisen
[endre | endre wikiteksten]Hjelmeland Mållag deler med jamne mellomrom ut målprisen til personar, lag, grupper eller næringsdrivande som på ulike måtar har gjort ein stor innsats for nynorsken på felt som er særskilt viktige for språket i Hjelmeland.
Opp gjennom åra har Hjelmeland Mållag delt ut målprisen til følgjande personar og føretak:
- Ryfylkebutikken (2010)
- Trygve Brandal (2009)
- Morten Hetland (2007)
- Øyvind Bergøy (2006)
- Reisemål Ryfylke ved Hanne Sundbø (2004)
- Eli Øie, Krambulemmen (2003)
- Hjelmeland Sparebank ved Ottar Rosså (2000)
- Bygdaposten (1998)
- Leif Magne Kleppa (1997)
- Magnhild Meltveit Kleppa (1996)
- Annelis og Johs. van Langen (1995)
- Njål Tjeltveit (1994)
- 8. klasse ved Hjelmeland ungdomsskule og Helga Mokleiv (1993)
- Hjelmeland Teaterlag (1992)
- Inga utdeling (1991)
- GEA Trafikksenter ved Eldfinn Austigard (1990)
- Olav Hetland (1989)
- Dakon AS (1988)
- Randøy Handel (1987)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstaden til Hjelmeland Mållag Arkivert 2015-02-09 ved Wayback Machine.