Hjelmeland kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjelmeland kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Hjelmelandsvågen
Areal 1 067,78 km²
 - land 950,06 km²
 - vatn 117,72 km²
Folketal 2 643  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Anita Husøy Riskedal (Sp)
Kommunenr. 1133
Kart
Hjelmeland kommune
59°13′2″ N 6°27′40″ E
Wikimedia Commons: Hjelmeland
Nettstad: www.hjelmeland.kommune.no

Hjelmeland er ein kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Kommunen fekk sine noverande grenser på fastlandet ved kommunesamanslåinga 1. januar 1965, då Hjelmeland vart slegen saman med mesteparten av kommunane Årdal og Fister. Eit unnatak er øya Ombo som blei overført frå Hjelmeland til Stavanger kommune frå 1. januar 2020.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Hjelmeland var opphavleg namnet på Hjelmeland prestegard, som i dag går under namnet Prestagarden. Etter kvart vart Hjelmeland også namnet på skipreidet og prestegjeldet, og no i nyare tid er Hjelmeland blitt namnet på heile kommunen. Namnet Hjelmeland kjem av den karakteristiske hjelmforma åsen Hjelmen, som ligg midt i kommunesenteret.

Nabokommunar[endre | endre wikiteksten]

Hjelmeland kommune grensar i nord mot Suldal, i aust mot Bykle, i sør mot Sandnes og Strand, og i vest mot dei austlegaste øyane i Stavanger kommune: Ombo, Halsnøy og Fogn.

Bygder[endre | endre wikiteksten]

Hjelmeland kyrkje og busetjing rundt Hjelmelandsvågen

Bygder i Hjelmeland kommune er Randøy, Ombo, Jøsneset, Jøsenfjorden, Vormedalen, Fjellet, Hjelmeland, Fister, Hetlandsbygda, Nessa og Årdal.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har landbruk og fruktdyrking vore dei viktigaste næringane i Hjelmeland, men i kommunen blir det også drive med ein del anna næringsverksemd. I Årdal driver firmaet Norstone store sandtak med eksport til fleire land. Sanden blir henta frå fleire stader i bygda, og den blir sortert og reinsa ved eit eige anlegg på industriområdet Mælsøyrane, før den blir lasta opp og frakta vidare med skip. Sandtak av mindre dimensjonar er det også i Tøtlandsvik og bygda Jøsenfjorden. Marine Harvest driv fleire oppdrettsanlegg i kommunen, og på Hundsnes driv den same verksemda lakseslakteriet Ryfisk, der det dagleg blir eksportert fersk laks med ei rekkje trailerar til marknadane i Europa. Marine Harvest har gjennom selskapet Sterling White Halibut lukkast med kommersielt kveiteoppdrett ved Kjeaura utanfor Tøtlandsvik i Jøsenfjorden, og på Jøsneset produserer King Mikal Salmon røykjelaks. Dei tradisjonelle jærstolane kjem også frå Hjelmeland, og dei to einaste produsentane av desse stolane - Slåke Trevarefabrikk og Aksel Hansson - har fabrikklokale sentralt i sentrumsområdet på Hjelmeland. På Randøy var det tidlegare skiferhellebrot, og frå eitt av desse brota blir det framleis teke ut noko byggjestein i noko mindre omfang. Kommunen fekk òg sitt første kjøpesenter, Sandetorjå, i 1999.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste samferdselsåra er Riksveg 13, som går gjennom storparten av kommunen, frå kommunegrensa til Strand i sør og til Suldal i nord. Vegen gjev samband sørover til Stavanger gjennom ferjesambandet frå Tau, og det er planar om at Tau-sambandet skal erstattast med ei 24 kilometer lang tunell, Ryfast. Riksveg 13 kryssar Jøsenfjorden med ferja MF Hjelmeland, og det er samstundes planar om eitt fastlandssamband her også, Jøsenfast, men dette prosjektet ligg endå fleire år fram i tid. Ei rekkje av dei gamle rutebåtkaiane er framleis i bruk til passasjertrafikk med hurtigbåtar til og frå Stavanger, via JudabergFinnøy. Elles er nokre daglege bussavgangar mellom Hjelmelandsvågen og Tau det einaste kollektivtilbodet.

Kjende bygningar[endre | endre wikiteksten]

  • Kommunehuset - administrasjonsbygget i Hjelmelandsvågen. Rommar kommunestyresal, kommunearkivet, kantine og kontora til administrasjonen.
  • Spinneriet - restaurert industribygning i Hjelmelandsvågen. Spinneriet har opp gjennom åra husa mange ulike industriar. På 1990-talet vart bygningen restaurert, og i dag blir Spinneriet brukt som møtelokale, kulturhus og utstillingslokale under kunstutstillingar.
  • Årdal gamle kyrkje - gammal langkyrkje i Årdal. Kyrkja vart ferdigstilt i 1620, og vart brukt fram til den nye kyrkja stod ferdig i 1919. Årdal gamle kyrkje er ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet.
  • Vigatunet - gardstun og bygdemuseum like utanfor Hjelmeland sentrum. Tunet består av fleire gamle bygningar og eigen frukthage. Det er Ryfylkemuseet som driftar Vigatunet.

Lokalpresse[endre | endre wikiteksten]

Frå 1.1.2010 er Strandbuen lokalavis for kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand.
Frå 1973 til 2009 var Bygdaposten for Hjelmeland lokalavis for kommunen, men hausten 2009 vart Bygdaposten kjøpt opp av og slått saman med Strandbuen. I 2013 vart lokalmagasinet Mitt Hjelmeland gjeve ut for første gong. Hetland Media, Terøy Media, Safi Media og Staurland Skribleverk står bak utgjevinga.

Kjende personar frå Hjelmeland[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]