Hjelpdiskusjon:Flytting og omdirigering

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Omdirigering[endre wikiteksten]

Korleis omdirigerer ein eit oppslagsord til eit anna? Dette usignerte innlegget vart skrive av Gunnar Mikalsen Kvifte (diskusjon · bidrag)

Ordet det skal omdirigerast frå skal ha som einaste innhald i artikkelen: #OMDIRIGERING [[nyartikkel]], kor nyartikkel er ordet det omdirigerast til. Elles kan administratorar flytte artiklar, dersom du har skrivi mykje og så oppdagar at oppslagsordet var feil. Dessutan; det er fint om vi lagar omdirigeringar frå alle vanlege feilstavingar til den nye artikkelen vi har skrivi. --Ekko 06:27, 4 august 2006 (UTC)
På Engelsk Wikipedia har dei ein knapp som gjer dette automatisk. Vi burde ha ein slik funksjon. Nokon av PHP-teknikarane våre som kunne seg å legge inn same knappen her? --Anders 06:38, 4 august 2006 (UTC)

Lita retting: For å omdirigera skriv du #OMDIRIGER (eller #REDIRECT, verker på alle wikipedier), og alle kan flytta sider, ikkje berre administratorar (men dersom du vil flytta til ei side som allereie finst og har ein sidehistorie, må du kunne sletta henne, dvs vera admin). -- Ranveig 10:42, 4 august 2006 (UTC)

Det er det eg prøvar å seie til sjefen min: eg bør ikke starte dagen så tidleg, det blir berre vas av det.
Og ja, alle kan flytta sider, men for administratorer er det ei eit-trinns-prosjekt, andre må Kopiera teksten, Opprette nye sida, Lime inn teksten, Fjerne gamle teksten, Sette inn omdirigering, gjenta alt på diskusjonssida. Då er det vel greit å spørja ein administrator? Eller få administratorrettar om ein ryddar mykje? --Ekko 10:50, 4 august 2006 (UTC)
Hmm... sist eg sjekka (for eit par minutt sidan) hadde også vanlege brukarar ein "flytt"-knapp på kvar artikkel. Klippa og lima skal ein absolutt ikkje gjera -- då er det absolutt best å be (om å bli) ein administrator. -- Ranveig 10:59, 4 august 2006 (UTC)
Hm...(igjen) Eg sjekka berre som anonym, ikkje med normalidentitet. Blemme. Eg er mest som ei sol; står langsamt opp, og er ikkje heilt oppe før midt på dagen. --Ekko 21:49, 4 august 2006 (UTC)