Hole prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°05′54″N 10°13′02″E / 60.098371°N 10.217333°E / 60.098371; 10.217333

Hole prestegard
Foto: Erlend Bjørtvedt

Hole prestegard ligg like nord for Hole kyrkjeRøysehalvøya i Hole kommune.

Både kyrkestaden og prestegarden har røter attende til mellomalderen[1], og ein trur at prestegarden har gjeve namn til staden og kommunen. Den noverande prestegardsbygningen vart oppført tidleg på 1800-talet og betydelig endra i 1880-åra. Det freda gårdsanlegget omfattar elles m.a. eit tømra stabbur i tre etasjar fra 1800-talet og ein forpaktarbustad fra 1915 samt eit hageanlegg. Prestegarden har gjennom historia vore ein viktig skogeigar,[2] og det har lege husmannsplassar under garden.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hole historielag Arkivert 2007-10-22 ved Wayback Machine. meiner at garden kan vere atskillig eldre.
  2. Sjå t.d. Hole historielag Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine..
  3. Jf. Rømmesmo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hole prestegard
Spire Denne Vikenartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.