Hole kommune
-
Denne artikkelen handlar om kommunen. For rom i berg, sjå hòle.
| Hole kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0612 |
| Fylke | Buskerud |
| Adm.senter | Vik |
| Areal | 195 km² |
| Folkemengd | 6 342 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (1999-) | Per Ragnvald Berger (H) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.hole.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Hole kommune på Commons | |
Hole er ein kommune i Buskerud fylke. Han grensar i nord til Ringerike, i aust til Bærum og i sør til Lier. Sør i Tyrifjorden grensar kommunen òg til Modum.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Hole kommune har fått namnet sitt frå ein hol, eit gammalt ord brukt om avrunda, einslege høgdar. Holen det her er snakk om er Frøshaugåsen.
Dagens kommune er ganske ung, ettersom han fram til 1977 var del av Ringerike kommune etter å ha vorte slege saman med denne under den store kommunesamanslåinga i 1964.
Kommunevåpen [endre]
Kommunevåpenet til Hole viser fire kongekroner. Desse skal minna om fire kongar som hadde tilknytting til kommunen. Halvdan Svarte skal ha budd på Stein på Bønsnes, og vera gravlagd i Halvdanshaugen. Seinare vart det Sigurd Syr sin kongsgard der fostersonen Heilag-Olav og sonen Harald Hardråde voks opp.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Buskerud | ||
|---|---|---|
| Drammen · Flesberg · Flå · Gol · Hemsedal · Hol · Hole · Hurum · Kongsberg · Krødsherad · Lier · Modum · Nedre Eiker · Nes · Nore og Uvdal · Ringerike · Rollag · Røyken · Sigdal · Øvre Eiker · Ål | ||